Kyrkja hadde opphaveleg eit kortare skip, men har tydelege merke av å ha vorte forlenga med omlag 3,5 meter ein gong mellom 1200 og 1350.
|
(Foto: Ole Fretheim, NRK) |
På 1600-talet fekk stavkyrkja m.a. eit tårn midt på taket, våpenhus, og vindauge på sidene. Veggane vart bordkledde, og det vart sett inn preikestol og benkar til å sitje på.
I 1720 fekk sorenskrivar
Giert Anderssøn Heiberg løyve til å byggje eit privat gravkapell av stein på nordveggen for Heiberg-slekta.
Modernisering i 1862
|
(Foto: Ole Fretheim, NRK) |
I 1862 vart den gamle kyrkja sterkt modernisert under leiing av arkitekt F. H. Stockfleth: Ho vart måla både innvendes og utvendes, og fekk panner på taket. Det vart sett inn i alt 51 vindauge, det vart bygt nytt våpenhus, og to galleri inne i kyrkjeskipet. Steinkapellet vart også rive i 1872.
Notar på vegene
|
Neumer. (Foto: Ole Fretheim, NRK) |
I tida mellom 1959 til 1965 vart den gamle stavkyrkja restaurert og ført tilbake til sin opphavelege utsjånad innvendes: Då målinga frå 1862 vart fjerna, kom det m.a. til syne nokre merkelege "noteteikn" frå mellomalderen - neumer. Desse er tolka og bearbeidde, og finst no som tone i den nye salmeboka for Den norske kyrkje på nr. 197. Komponisten Arne Norheim vart også inspirert av neumene og lyden i dei gamle mellomalderklokkene i Kaupanger stavkyrkje, og komponerte ut frå dette verket "Klokkesong", som vart urframført i kyrkja i 1984.
Dagens inventar
|
Epitafiet som skal forestille Gjøde Pedersen og familien hans. (Foto © Fylkesarkivet) |
Dagens inventar i kyrkja: Altartavle er frå 1636 og gjeven av futen
Gjøde Pederssøn.
Korboge frå ca. 1300 - truleg ein del av ein tidlegare altarbaldakin. Preikestol frå ca. 1620. Døypefont frå 1634. Nattverdskalk frå 1665. To altarlysestakar frå 1609, lysestake frå 1720, ei lysekrune frå 1723. To kyrkjeklokker frå ca. 1200.
To epitafium - dvs. minnebilete: Eit frå 1634 av Gjøde Pedersen med familie, og eit frå ca. 1659 av Thaames Willumsen og familie.
På Bergen Museum er teke vare på krusifiks frå 1180-1200, eit fragment frå eit antependium (altarduk) frå ca.
|
Den restaurerte altartavla måla av Anders Askevold i 1865. Teksten under tavla er "Jeg er oppstandelsen og livet". (Foto: NRK) |
1275-1325, drake frå triumfbogen frå ca. 1200, og altarfrontale frå ca. 1250.
På
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er teke vare på kyrkjedør frå 1600-talet og altartavle frå 1865, måla av
Anders Askevold.
Tidlegare stavkyrkjer i Kaupanger
Under restaureringsarbeid fann ein stolpehol og spor i kyrkjetufta etter ei lita stavkyrkje på berre 4,5 x 5,5 meter som truleg skriv seg frå siste halvdel av 1000-talet.
Det er også mogleg at denne kyrkja vart reist så tidleg som på 900-talet.
Denne første kyrkja vart riven for å gje plass til ei ny og noko større stavkyrkje ca. 1090. Ho vart truleg brend då kong Sverre Sigurdson sine birkebeinarar sette fyr på
Lusakaupangen i 1184 (sjå:
Kong Sverre brende Lusakaupang). Men heilt sikre er ein ikkje, for visse ting kan tyde på at ho brann før kong Sverre og hans menn sette fyr på kaupangen.