Omfattande endringar
Kyrkja har seinare vorte restaurert og ombygt. Den største endringa skjedde i 1872 under arkitekt Chr. Christie, då kyrkjeskipet miste mykje av middelalderpreget ved at dei små vindauga mot fjorden vart bytte ut med store, rundboga vindauge. Samstundes vart kyrkjeromet utvida med eit kor, og det gamle koret vart ein del av skipet ved at den gamle korveggen mot aust vart riven og erstatta med ein rundboge mot det nye koret. Eit tregalleri på nordveggen vart rive. Det gamle kyrkjetårnet vart rive og bytt ut med eit høgreist, kvitmåla tårn. Den gamle altartavla frå 1606 vart bytt ut med ei tavle måla av Marcus Grønvold. Også anna interiør frå 1600-talet vart fjerna i 1872.
|
Kyrkja ligg like ved hovudvegen. |
Ny restaurering
I 1927 gjorde sokneprest
Sverre Daae opptaket til å få kyrkja restaurert og ombygt slik at den likna mest mogeleg på den opphavelege kyrkja. Arkitekt Johan Lindstrøm leia arbeidet. Han reiv det høge tårnet og reiste ein kopi av tårnet slik det såg ut i 1668. Vindauga i sørveggen på kyrkjeskipet vart også gjort mykje mindre. Den gamle altertavla frå 1606 vart henta frå De Heibergske Samlinger, restaurert og sett tilbake på altaret. Preikestolen frå 1606 og døypefonten frå 1600-talet kom også på plass att.
Gamalt krusifiks
Det gamle krusifikset frå Leikangerkyrkja skriv seg frå slutten av 1000-talet, og er eitt av dei eldste i landet. Det vart flytta til Bergen Museum i 1865. Ein kopi er no hengt opp over korbogen i kyrkja. I kyrkja heng elles fire portrett frå 1600-talet. Det eine er av presten
Erik Iversøn Nordal, far til den rike presten
Iver Erikssøn Leganger. Elles har kyrkja ein dåpskalk i sølv frå 1613, og ein oblatdisk er frå same tid. I tårnet heng ei klokke frå mellomalderen og ei klokke frå 1672.
Forutan det sjeldne krusifikset, finst også ein relikviekross frå kyrkja i Bergen Museum. Ei utskora sol frå 1600-talet er teken vare på ved
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.