Førre side:
·
Milestolpar 1900-1950
Milestolpar i fylkeskommunen år 1950-1975:
1955
Fylkestinget avviser eit riksframlegg om direkte val til fylkesting. Dei kommunevalde representantane meiner at direkte val vil svekkje kommunane sin kontroll over fylkeskommunen og fylkesmannen.
1955
Sogn og Fjordane fylkeslandsbrukskontor vert skipa med kontorstad i Førde.
1956
Fylkeskommunen byggjer den første institusjonen for psykisk sjuke -
Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim - på Kyrkjebøstranda ved Høyanger.
1957
Ny husmorskule (husstellfagskule) vert teken i bruk i Hafslo, etter at den heilt sidan 1896 har halde til i Kroken ved Lusterfjorden.
1959
Fylket får eiga planavdeling med områdeplanleggjar
Ragnar Høgelid som første sjef. Kontoret vert i 1964 omgjort til plan- og utbyggingsavdeling som m.a. forvaltar lån og tilskot frå Distriktenes Utbyggingsfond.
1961
I ny lov om fylkeskommunar vert m.a. ordninga med "formann" for fylkestinget avløyst med "fylkesordførar". Juristen
Ragnvald Terum Winjum frå Aurland vert første fylkesordførar. Fylkesmannen sin sterke posisjon vert dermed mykje svekka, sjølv om han held fram som administrativ leiar. Kommunane har etter den nye lova rett til å velje eitt medlem for kvar 6000. innbyggjar. Dette gjev dei største kommunane to representantar i fylkestinget.
1961
Vegdirektøren går inn for å samle fylkesadministrasjonen sin i Førde. Men fylkestinget går inn for Leikanger - og slik vert det.
1964
Samanslåing av kommunar gjer at talet på kommunar i Sogn og Fjordane vert redusert frå 38 til 25 (Hornindal vert lagt ned og delt mellom Stryn og Eid kommunar - sjå:
Kommunehistoria i Hornindal).
I fylkestinget vert alle kommunar framleis representerte, men dei største kommunane får etter lova frå 1961 to representantar.
1964
Fylkeskommunen engasjerer seg på nytt i kraftutbygging ved å søkje konsesjon på utbygging av Åskora i Ålfoten.
1964
Den store sjukehusstriden i fylket startar ved at eit utval leia av fylkeslege Blaauw gjer framlegg om nytt sjukehus i Sogndal og utbygging av sjukehusa i Høyanger, Florø og Nordfjordeid. Lærdal skal leggjast ned. Fylkestinget vedtek planen.
1966
Fylket ved Sogn og Fjordane Kraftverk (
Sogn og Fjordane Energi AS) bygger kraftverk i Årskora i Ålfoten. Det første vert sett i drift i 1971 og det andre kraftverket i 1973. Fallrettane disponerte fylkeskommunen etter det fallerte Ålfot-selskapet frå 1920-talet.
1967
Helsedirektør Karl Evang blandar seg inn i sjukehussaka og vil ha bygt eitt stort sentralsjukehus i Førde i staden for satsing på lokalsjukehusa, som han vil leggje ned. Striden om sjukehusmønsteret deler fylkestinget i to uforsonlege fløyar.
Sjå heile historia:
·
Sjukehusstriden 1967–1972
1967
Fylket opprettar eiga stilling som sjukehussjef, m.a. for å stå friare i høve til den sterke statstilsette fylkeslegen i den tiltakande sjukehusstriden. Stillinga var starten på den seinare så omfattande helseadministrasjonen i fylkeskommunen.
|
Elevar ved Flora vidaregåande skule. (Foto: NRK) |
1967
Fylket byggjer
Flora gymnas i Florø, etter at byen vinn lokaliseringskampen med Førde om gymnaset for Sunnfjord.
1968
Sogn og Fjordane fylke skipar sitt eige kraftselskap, Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare
Sogn og Fjordane Energi AS. Selskapet har sidan hatt kontor på Sandane, med direktøren for den tidlegare kraftsamkøyringa på Vestlandet,
Kåre Herland som første sjef. SFE tek i 2000 over det interkommunale selskapet
Firdakraft, og i 2002
Ytre Fjordane Kraftlag - YFK. I 2001 sel fylket 40 prosent av aksjane i SFE til BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap).
1969
Skuledirektør Olav Åm legg fram den første planen i landet for det nye vidaregåande skuleverket etter Steen-komiteen sin modell, der både gymnas og yrkesskular vert integrerte.
1971
Trass i at fleirtalet i fylkestinget har gått inn for utbygging av eksisterande lokalsjukehus, vedtek Arbeidarparti-regjeringa til Trygve Bratteli at det skal byggjast sentralsjukehus i Førde, medan lokalsjukehusa skal leggjast ned. Dette er i tråd med tilrådinga til helsedirektøren og eit stort fleirtal i Sogn og Fjordane Legeforening. Vedtaket resulterer i masseutmelding frå Arbeidarpartiet i Høyanger, Florø og Nordfjord, og folk går i store fakkeltog til støtte for lokalsjukehusa. Statsminister Bratteli reiser til Florø i eit mislukka forsøk på å roe gemytta - sjå:
Sjukehusstriden 1967–1972.
1972
Fylkestinget avviser på nytt eit riksframlegg om direkte val til fylkesting og omorgansiering av fylkeskommunen med eigen fylkesrådmann på toppen i staden for fylkesmannen. Fylkestinget i Sogn og Fjordane er det einaste i landet som går imot reformen.
1972
Fylkestinget vedtek stor utbygging av vidaregåande skular etter ein plan frå fylkesskulesjef
Sverre Aas. Planen er delvis basert på Olav Åm sin plan frå 1969. På få år får mest kvar kommune i fylket eit vidaregåande skuletilbod. Fylket vert delt inn i 12 regionar, kvar med eitt større skulesenter i tillegg til filialklassar spreidd utover. Her vert både dei gamle gymnasa og yrkesskulane innlemma.