I 1838 drøfta fylkestinget nybygg. Fleire lokaliseringar vart nemnde: Bøfjorden og Leirvik i Sogn - Førde og Dalsfjorden i Sunnfjord.
Men etter tilråding frå fylkesmannen enda ein opp med eit vedtak om å sende pasientane til "Bergens civile Sygehus". Distriktsmotsetningane var alt då merkbare, og fylkesmannen valde å tilrå den "nøytrale" Bergens-løysinga!
Sjukehuset i Sogndal vart samstundes lagt ned. Ordførar Juell frå Sogndal gjorde i 1842 framlegg om å byggje eit nytt sjukehus i Sogn, men nådde ikkje fram.
Seinare skulle sjukehusstrid verte den brennande saka på fylkestinget fleire gonger i mellomkrigstida, og sjukehusstriden kring 1970 reiv mest fylket i filler.
|
Pleiar og ung pasient ved Nordfjord sjukehus i 1951. (© Norsk Film/NRK) |
I 1928 blussa den første harde sjukehusstriden opp, då det vart lansert ein mengd lokaliseringsstader for utbygging av nye sjukehus. M.a. stod Leikanger sterkt som lokaliseringsstad for eit sjukehus i Sogn, og vart vedteke. Men i staden bygde Kyrkjebø kommune og NACO aluminiumsverk sitt eige
Høyanger sjukehus, og i Nordfjord stilte millionæren
William Henry Singer jr. som vilkår at
Nordfjord sjukehus skulle byggast på Nordfjordeid før han bladde opp gåver i millionkassen. I Florø bygde ein vidare ut det tidlegare Røde Kors-sjukehuset til
Florø sjukehus, og i Lærdal bygde ein vidare på ein tidlegare etablert tuberkuloseheim;
Lærdal sjukehus.
|
I 1971 kom vedtaket om å byggje Førde sentralsjukehus. (Foto: NRK) |
Då helsedirektør Karl Evang i eit brev til fylkestinget i 1967 på nytt bad om vurdering av sjukehusstrukturen med sikte på eitt sentralsjukehus og nedlegging av småsjukehusa, starta den bitre sjukehusstriden. Etter fleire års indre usemje om utbyggingsplan, vedtok regjeringa i 1971 bygging av sentralsjukehus i Førde (no
Førde Sentralsjukehus) og nedlegging av alle fire lokalsjukehus og striden tok heilt av. Etter fakkeltog og masseutmeldingar av Arbeidarpartiet, modererte Ap-statsminister Trygve Bratteli vedtaket ved å yte støtte til modernisering og utbygging av lokalsjukehusa også. VSidan den gongen vart sjukehuset i Høyanger lagt ned i 1982, og sjukehuset i Florø vart omskipa til avdeling under sentralsjukehuset i 1994.
Frå 2001 overtok Staten alle helseinsitusjonane frå fylket og la dei under
Helse Vest HF (helseføretak), med "fylkesavdeling" under Helse Førde RHF (regionalt helseføretak) for institusjonane i Sogn og Fjordane. Helse Førde RHF har eige styre og eigen direktør, plassert i Førde.
Sterk mobilisering mot tuberkulosen
|
Harastølen. |
Men midt opp i all merksemd som dei harde sjukehusstridane i fylket har fått, er det lett å gløyme den store innsatsen som fylket gjorde i kampen mot folkesjukdomen tuberkulose tidleg på 1900-talet. Det var store statlege løyvingar som sette fart i denne prosessen. Frå 1911 til 1921 vart det bygt fire fylkeseigde tuberkulosesanatorier i Lærdal, Lavik, Askvoll og Sandane. Desse heimane, saman med det Vestlands-dekkande tuberkulosesjukehuset på
Harastølen, hadde kapasitet til å ta imot mange hundre tæringssjuke pasientar. Ut på 1950-talet hadde ein fått tuberkulosen under kontroll m.a. med nye medisinar og vaksine, og dei gamle sanatoria fekk andre funksjonar i helsetenesta og eldreomsorga.
Sein satsing på psykiatrien
Den helserøkta som vart lengst forsømt i Sogn og Fjordane, var den psykiatriske helseomsorga. Langt fram på 1950-talet stod fylket utan noko form for eige psykiatrisk helsevern. Berre menneske som fekk alvorlege psykiatriske lidingar vart hjelpte. Dei "vart sende", som ein gjerne sa, til Nevengården eller andre psykiatriske institusjonar i Bergen.
Fylket bygde den første behandlingsheimen for psykisk sjuke -
Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim - på Kyrkjebøstranda i 1956. Kring 1960 overtok fylket det nedlagde tuberkulosesjukehuset på
Harastølen i Luster og dreiv det i mange år som psykiatrisk sjukeheim. I 1983 vart det oppretta psykiatrisk poliklinikk ved
Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, og i 1991 Nordfjord Psykiatrisenter. I 1990 vart nybygg for psykiatrisk klinikk like ved
Førde Sentralsjukehus teken i bruk.