SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Eid:

Ferdsla på fjorden i Eid

Rutebåt frå Sandane på veg inn til Nordfjordeid i 1971. (Foto: NRK)
Rutebåt frå Sandane på veg inn til Nordfjordeid i 1971. (Foto: NRK)

Nordfjordeid

fekk rutestopp av Fylkesbaatane heilt frå den første Nordfjord-ruta med "Fjalir" starta i 1859. Det fylkeseigde selskapet Nordre Bergenhuus Amtsbaater - Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - var skipa året før. I Nordfjord hadde "Fjalir" stopp i Måløy, Bryggja, Dombestein, Naustdal, Nordfjordeid, Hestenesøyra, Vereide, Sandane, Ryssfjøra, Utvik, Faleide og Stryn.

Publisert 27.11.2002 13:53. Oppdatert 02.03.2007 12:18.
Dei grunne sandøyrane på Nordfjordeid gjorde at rutebåten heilt fram til 1902 vart borda ute på fjorden ved Skårhaug ca. 1 kilometer nordvest for sentrum, der John W. Skaarhaug var ekspeditør. Her vart det bygt kai og pakkhus. I 1899 vart kaia og pakkhuset rasert av fjordisen. Det vart sett opp ei mellombels kai, men i 1902 bygde eit lokalt aksjeselskap - A/S Eids Dampskipsbrygge - ny kai ved garden Gjerde inne i fjordbotnen. Her vart Gabriel Totland ekspeditør, slik han hadde vore på Skårhaug sidan 1894.

Godsterminal i 1975

På 1930-talet vart kaia og hamna skjerma med ein stor molo, som vart bygt som naudsarbeid for arbeidslause. I 1975 bygde ekspeditøren Gudmund Totland ny terminal og nytt godslager på 1.400 kvm. 1977 overtok Nordfjord og Sunnmøre Billag ekspedisjonen.

Godsterminalen på Nordfjordeid vart bygt i 1975. (Foto: NRK)

Ekspressbåtruta på Nordfjord

Nordfjordeid vart endestopp for den første ekspressbåtruta på Nordfjord då den starta i 1971.

Ferjesambandet Lote-Anda

vart opna i 1968. Den mektige direktøren i Fylkesbaatane, Otto Røsberg, hevda lenge at Lote-Anda ikkje var liv laga fordi det ikkje var trafikkgrunnlag for ei ferje over Nordfjorden!

Naustdal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane alt frå starten av selskapet si første Norfjord-rute med "Fjalir" i 1859. Grunnen til dette var at Naustdal då var eit viktig knutepunkt for postruta over Hjelmelandsdalen-Bjørkedalen til Sunnmøre, og at sorenskrivarkontoret i Nordfjord låg like ved, på garden Leikvin (Skrivargarden Leikvin). Handelsmann M. Sture var ekspeditør i mange år på 1900-talet.

Haus

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1876. Haus var ute av rutene mellom 1900 og 1919. I 1928 var riksvegen austfrå broten gjennom til Haus. Frå 1936 vart det sett opp bilfergerute mellom Haus og Bryggja. Denne gjekk til 1938, då vegen vestover gjennom fjellet Vindfylla var broten gjennom.

Stårheim

vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1877, med kjøpmann Rasmus D. Halvorsen (sjå: Kjende personar i Eid fødde år 1800-1850) som ekspeditør. Alt i 1862 hadde kommunestyret støtta ein søknad frå dåverande kjøpmann på Stårheim, Holger Oliver Borge, om å ta opp bygda som rutestopp, men hadde fått avslag. Halvorsen bygde kai og pakkhus. På 1950- og 1960-talet var Stårheim stoppestad i ei sommarrute/turistrute Bergen-Nordfjord med endestopp på Sandane.
Frå Stårheim vart reisande frakta med Nordfjord og Sunnmøre Billag sine bussar til turistmåla i indre Nordfjord.
Motorbåtførar Karl Lofnes (sjå: Samferdsle i Vågsøy) dreiv også ei lokal rute med post og passasjerar frå Måløy og innover fjorden i mellomkrigstida. Han hadde m.a. anløp av Stårheim.

Kjølsdalen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1890. Johannes L. Kjøllesdal var ekspeditør og bygde kai.

Hennebygda

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1892. Då Fylkesbaatane innstilte dei vanlege fjordarutene, vart den vesle rutebåten "Hennefjord" i 1973 sett inn i lokaltrafikken til Sandane fram til 1981, då bygda fekk vegutløysing til Lote. Denne båten hadde vore brukt på Breimsvatnet sidan 1953, og heitte då "Breim".

Lote

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1898 med Anders M. Lothe som ekspeditør og postopnar frå 1905. Lote vart eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i Nordfjord då
ferjestrekninga Lote-Anda (sjå under Samferdsle i Eid) opna i 1968 - no det eine av to ferjesamband på hovudvegen E39 gjennom fylket.

Lefdal

fekk første anløpet i 1912 av ei lokal motorbåtrute som firmaet Skibenes (sjå: Industri og næring i Vågsøy) dreiv mellom Måløy og Nordfjordeid. Seinare fekk bygda rutestopp av Fylkesbaat-rutene som gjekk på Bergen.

Skyss til Måløy

Før vegsambandet Nordfjordeid-Måløy var gjennombrote, gjekk mindre skyssbåtar frå Måløy i post- og passasjerrute mellom Måløy og Nordfjordeid, med mellomstopp. Desse rutene vart utførde av båtane til Skibenes & Søn, og Karl Lofnes.

Ruter på sørsida

Forutan Fylkesbaatane, vart grendene på sørsida av Nordfjord frå Davik til Nordfjordeid på 1950-talet knytte til Nordfjordeid med båtrute som frakta mjølk til meieriet. Ruta vart utført av Martin Førde frå Davik.

Lokal rutetrafikk i Eid

- godstransport på vegane, og ruter på Hornindalsvatnet.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no