Omtalane er ordna etter fødselsår.
Førre side:
·
Kjende personar i Gulen fødde før år 1800
Henrik Wergeland
(1808-1845) - sjå:
Diktaren Henrik Wergeland frå Gulen-slekt.
Rognald Pederson Haugland
(1808-1902) frå Brekke, busett i Solund og Eivindvik. Lærar, lensmann og politikar. Vart lærar i Eivindvik 17 år gamal og frå 1838 i Utvær i Solund. Frå 1855 konst. lensmann i Lavik tinglag med bustad i Brekke, før han vart kommunekasserar i Eivindvik. Ordførar i Eivindvik kommune i til saman 22 år: 1850-1851, 1855 og 1858-1877.
(1815- 1897) fødd i Brekke. Lege og professor.
(1821-1873) frå Bergen, busett i Skjerjehamn. Målarmeister og handelsmann.
(1825-1905) frå Grinde i Gulen, busett på Haugland i Brekke. Lærar, lensmann og politikar.
f. 1828 i Lindås, busett på Børholmen.
Gregoreus Johannesson Midttakle
(1829-1920) frå Brekke. Bonde og kunsthandverkar. Han var kjend som ein dyktig rosemålar som reiste rundt på gardane i ytre Sogn og dekorerte kister og skrin med rosemåling.
Knut Rasmusson Kjellevoll
(f. 1832) frå Kjellevoll, busett i Bergen, der han m.a. skal ha livnært seg som skodespelar. Han er ikkje registrert i Teaterarkivet, og andre opplysningar vantar.
(1839-1919) frå Eivindvik. Bonde, politikar og telefonkonstruktør.
(1844-1909) frå Bergen, oppvaksen frå 10-årsalderen i Innvik. Prest, folkehøgskulemann og politikar for Moderate Venstre/Høgre.
Johannes Lasseson Wergeland
(1845-1925) frå Wergeland. Bonde og politikar. Ordførar i Lavik kommune 1890-1901 og i den frådelte Brekke kommune frå kommunedelinga i 1904 til 1910. Han arbeidde hardt for å få bygt veg frå Brekke langs Risnefjorden til Instefjord og vidare til Verkland/Wergeland. Bror til Halvor Wergeland (sjå denne under:
Kjende personar i Gulen fødde år 1850-1900).
Isach Johannesson Kringlen
(1846-1925) frå Kringla ved Instefjord, busett m.a. i Risør. Lærar og Venstre-politikar. Lærareksamen 1868. Lærar i Brekke frå 1861, i Eiker 1868, Risør frå 1870 og skulestyrar same stad frå 1896. I Risør var han m.a. medlem av bystyret 1899-1919, derav 12 år i formannskapet. Vararepresentant frå Risør til Stortinget 1903-1909. Tildelt Borgardådmedaljen i sølv.
Sigurd Lasseson Wergeland
(1848-1932) frå Brekke. Lærar, bonde og Høgre-politikar. Lærareksamen 1869 og lærar i Brekke frå 1873, og i Rødnes i Østfold 1875-1890, der han også var bonde. Sparebanksjef frå 1901. Kommunestyremedlem frå 1888, ordførar frå 1906, og vararepresentant til Stortinget frå Smålenenes amt 1903-1906.
Jakob Ivarson Eide
(1849-1931) frå Eivindvik. Bonde og spelemann. Ved sida av gardsdrifta sigla han årleg til Lofotfisket, og var også telefonstyrar. Han var kjend som ein dugande hardingfelespelar, og vart mykje nytta som spelemann i bryllup i ytre Sogn.