SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kommunehistorikken i Gulen:

Brekke eigen kommune att i 1904

Utsyn over Brekkebygda frå Toregjerdhaugen i 1910. På denne tida hadde Brekke på ny blitt eigen kommune. (Foto © Fylkesarkivet)
Utsyn over Brekkebygda frå Toregjerdhaugen i 1910. På denne tida hadde Brekke på ny blitt eigen kommune. (Foto © Fylkesarkivet)
I 1888 vedtok kommunestyret med 18 mot 5 røyster å dele kommunen i to etter fjorden, men fylkestinget avslo søknaden.

Publisert 16.10.2002 14:35. Oppdatert 14.11.2002 21:08.
Men kravet om deling kom opp att i 1903. Med tilråding frå fylkestinget vedtok regjeringa den 1. oktober 1904 å dele Lavik kommune, slik at mesteparten av sørsida vart eigen kommune med Brekke som namn.

Men deling skjedde ikkje heilt "etter fjorden": Dei austlegaste bygdene på "Lavik sørside" - dvs. bygdene frå Indre Oppedal, rundt Ikjefjorden og til Åkre vart hengande med i Lavik kommune heilt fram til 1964, då dei saman med Lavik gjekk inn i storkommunen Høyanger.

Då sparebanken bygde eige hus i Brekke i 1914, flytta kommuneadministrasjonen inn der saman med distriktslegen og folkeboksamlinga. Brekke var administrasjonsstad for Brekke kommune heilt fram til den store kommunereguleringa i 1964. Men heilt frå delinga i 1904 og fram til kommunereguleringa i 1964, måtte Lavik og Brekke delast om mange offentlege tenester. Dette galdt m.a. lensmann, lege og prest.

Gulen kommune på eiga halvøy

Ved kommunereguleringa i 1964 vart Brekke og Gulen kommunar slegne saman til Gulen kommune, som no grovt sett dekkjer bygdelaga på halvøya som dannar seg mellom Fensfjorden og Sognefjorden og øyane utanfor halvøya. Men bygdene aust for Indre Oppdal gjekk altså til Høyanger kommune, og øya Losna på nordsida av Sognefjorden gjekk over frå Gulen til Solund kommune.

Førre side:
· Kommunen blir Gulen


MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no