SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Gulen og Gloppen:

Peder R. Sandal

Kaien til Peder R. Sandal tidleg på 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Kaien til Peder R. Sandal tidleg på 1920-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Peder R. Sandal (1855-1936) frå Breim, handelsmann i Eivindvik. Han hadde gått fargarlære i Bergen og kjøpte i 1881 eit lite fargeri i Fonnevika ved Eivindvik frå ein Nedrål.

Publisert 30.09.2002 14:54. Oppdatert 14.11.2002 21:59.
Sandal starta også ein fargefabrikk i Fonnevika. Den var i drift til like etter 2. verdskrig.

Starta landhandel

I 1892 flytta Sandal over til Eivindvik. Der starta han landhandel i 1900, var ekspeditør for Fylkesbaatane og bygde kai i 1902. I 1905 vart butikken flytta til ei nybygd bu på kaia.

Eineeigar og postopnar

Den yngste sonen Ansgar Sandal overtok i 1921. Han kjøpte Kirkeneset saman med Olav Flugheim. Frå 1927 var Sandal eineeigar, og var frå same året også postopnar. I 1931 bygde han ny, stor forretning på kaia, som også vart utvida i 1936. Sandal vart forhandlar for Norsk Brændselolje A/S i 1937 og fekk sett opp ein stor lagertank. I 1954 vart det sett opp nytt forretningsbygg i mur, og i 1960 og 1964 nye lagerbygg. I 1961 vart forretninga omgjort til aksjeselskap.

Stort nybygg

Då Ansgar Sandal gav seg som forretningsmann, vart butikken og kaia leigd ut til andre fram til 1980. Då overtok sonen Per Sandal og ektemaken Marta og bygde nytt, stort forretningsbygg, der Marta også dreiv frisørsalong. I tillegg til daglegvarer, dreiv Sandal også ei jernvareavdeling. Posten leigde lokale i bygget, og det same gjorde blomster-butikken SolGul Blomst ved Erene Wilberg. På same vis som ved SolGul si avdeling i Solund Senter ANS på Hardbakke, er det opna såkalla "post i butikk" i blomsterforretninga i Eivindvik.

Marina

I 1990 bygde Per Sandal marina-anlegg for småbåtar like ved butikken.

Eivindvik Handelshus AS

I 2000 vart forretningsverksemda og eigedomane til Sandal overtekne av Eivindvik Handelshus AS, der Sigvald Kidøy (bror til Audun Kidøy) er eineeigar og disponent. Forretninga sysselset i 2002 fire årsverk.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no