Etter cand. philol. eksamen var han nokre år lærar og kursforfattar for Norsk Korrespondanseskole. Omsette "Kongsspegelen" og gav den ut på Det norske Samlaget 1943. Han var styremedlem i Samlaget 1953-1969, der han var forleggjar i deltidsstilling frå 1946 til 1950.
Redaktør for Norsk Ordbok 1948-1978 og for den velkjende "Nynorsk ordliste" som er mykje nytta i skuleverket og selt i omlag 2,3 millionar eksemplar.
Hellevik vart dosent ved Universitetet i Oslo i 1972 og seinare professor same stad. Medlem av Norsk Språkråd si fagnemnd 1973-1979.
Hellevik har også gjeve ut fleire lærebøker, m.a. "Norsk på ny", "God nynorsk" og "Språkrøkt og språkstyring".
Skipa i 1998 Helleviks Fond, som deler ut ein målpris for yngre nynorskbrukarar i media. Han fekk sjølv Fylkesmålprisen i Sogn og Fjordane.
Alf Hellevik flytta heim att til Hellevik på sine eldre dagar.
Far til Atle Hellevik som driv Alden Forlag (sjå:
Kjende personar i Askvoll:).