SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Fjaler:

Fortet på Fureneset

Fortet på Fureneset vart bygt i 1942, og skulle kontrollere Vilnesfjorden og innløpet til hamna i Askvoll og sperre innløpet til Dalsfjorden.

Publisert 18.09.2002 13:28. Oppdatert 27.09.2002 11:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Tyskarfestninga på Fureneset [WM]  (LYD) Krigshistorikar Kjell Ragnar Berge og Ottar Starheim vitjar tyskarfestninga på Fureneset. Gottleif Espenes fortel om bygdefolket som vart tvangsflytta.
Frå kanonstillingane hadde ein godt utsyn mot skipsleia, der tyskarane kunne forsvare eigne skip og konvoiar.

I Sølvberghaugen vart det skote ut ei svær festning som kunne huse 90 mann: Her var det overnattingsrom, kjøkken og feltlasarett, verkstad og alt som høyrde til. Frå den underjordiske kaserna gjekk det trapper opp til kanonstillingane. Her stod m.a. fire luftvernkanonar med ei rekkevidde på over 14.000 meter, i tillegg til fleire panservernkanonar og mindre kanonar. Rundt heile fortet vart både sjø og land minelagt, og store lyskastarar kunne sveipe langt utover sjøen i mørkret.

Panserdører

Anlegget kunne stengjast med store dører i panserstål, og fortet hadde eige straumaggregat dersom den vanlege straumforsyninga vart kutta.
Mykje av anlegget vart bygt av russiske krigsfangar som budde i ein leir like ved fortet.

Etter krigen vart tre krigsfangar funne i ei grav ved fortet. Både på Fure og på Lammetun er fjellanlegga nokolunde intakte den dag i dag.

Ulukke under minerydding

Minesperringa kring Furefortet var den største i heile fylket. Etter krigen vart det plukka opp til saman over 8.500 kring fortet, og i mange år etter vart det funne restar etter miner kring anlegget.

Den 6. juli 1945 vart ein tysk soldat drepen og ein annan soldat hardt såra medan dei rydda miner på Fure. Den 8. juli miste seks tyske soldatar livet då til saman 240 tanksminer gjekk i lufta samstundes. Fleire av dei næraste husa på Fure vart stygt ramponerte.

Sjå også:
· Fortet på Lammetun
· Tvangsflytting av kystfolket
· Kystfortet på Eimind


MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no