|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Fjaler: Mange Shetlands-fararar | Fiskeskøyta "Forsøk 1" hadde mange illegale turar frå Gulen til Shetland under andre verdskrig. (Foto © Fylkesarkivet) |
Dale er truleg den bygda i fylket der det rømde flest ungdomar til Shetland: I 1941 tok i alt 22 personar seg over til Shetland. Publisert 18.09.2002 13:23. Oppdatert 14.11.2002 20:19.Ni Dale-ungdomar drog med M/B "Flink" og Alfred Strandenes, og 13 med "Klippen" med Mathias Øen til rors. Både Mathias Øen og Svein Valvik mønstra på ubåten "Uredd" som vart senka i Norskehavet seinare i krigen. Ein annan Dale-gut, John Hope, vart kommandosoldat og var m.a. med på den dramatiske storminga av festninga på Walchern på kysten av Nederland i 1944. Han vart tildelt krigskorset med sverd for krigsinnsatsen. Han kom seinare heim til Dale og starta Stjernen Café (sjå: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale).
Pensjonisten som vart krigsheltI 1941 stod den 67 år gamle bonden Alfred Strandenes frå Strandenes til rors på den vesle, opne motorbåten "Flink" ut Dalsfjorden. Han hadde kurs mot Shetland. Ombord hadde pensjonisten ein flokk ungdomar frå Dale. På Shetland gjekk Strandenes inn i den vidgjetne Shetlandsgjengen og gjorde ein stor innsats som skipper på ei av skøytene. Sjølv opplevde han å drive i dagesvis på ein flåte ute i Norskehavet.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|