SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Fjaler:

Futesetet på Fure

Dei første futane i Sunnfjord busette seg på garden Fure, lengst vest i Fjaler kommune. Her kan ein framleis finne "Futebekken" der embetsgarden låg.

Publisert 13.09.2002 13:17. Oppdatert 23.09.2002 13:22.
Den første futen busette seg på Fure i 1565 eller 1566. Då vart Fure med tillegg av Håvåg og Kviteblikk, lagt ut som embetsgard (frigard) for futen. På Fure vart det bygd både tingstove og fangehus, og futen disponerte frå 1660 til og med over eigen bøddel (meistermann).

Alt tyder på at futane veksla mellom å bu på Fure og på Svanøy-godset, og tidvis andre stader i Sunnfjord heilt fram til midten av 1700-talet, då Svanøy vart fast tilhald for Sunnfjord-futen.

Veksling mellom Fure og Svanøy

Kven den første Fure-futen var, er ukjent, men han vart truleg buande der i omlag ti år. I 1575 kom nemleg den første futen til Svanøy. Det var Laurits Skjøt.
Frå 1598 til 1622 valde futen Peder Due å busetje seg på ein gard i Sørbøvåg i Hyllestad, men han budde nok delvis også på Svanøy, og truleg også på Fure.
Den andre futen som budde på Fure var difor truleg Reinert Vog (Våg). Fure-futane skaffa seg tidleg andre landeigedomar i Sunnfjord, og Vog eigde m.a. eit stort sagbruk på garden Holt ved Hellevik.

Futen budde på Kapstad

Då Reinert Vogn pensjonerte seg i 1598, busette han seg på ein gard som han eigde på Kapstad i Gaular.

Elles går det ei segn om at ein av futane på 1500-talet skal ha budd på garden Haugsbakk i Dale.
Mellom 1625 og 1645 budde futen Nils Busch i Flekke.

Kongen sel futegarden

Fram til 1668 var futegarden på Fure kongegods. Men dette året sel kongen garden til stathaldar Ulrich Fredrich Gyldenløwe, som i 1675 sel til futen Christian Bertelsen.
Fure var også ei tid sete for sorenskrivaren i Sunnfjord, Christian Rue, som også var eigar av garden ei tid før han let den gå til sonen, løytnant Niels Christiansen Rue.
I bygdebok for Askvoll vert det opplyst at futen Jens Tøgersen Rosenberg budde på garden Ask, som han leigde av løytnant Niels Christian Rue frå 1684 til 1690. Då gifta Tøgersen seg og kjøpte Ask, der han budde til han døydde i 1705.

Vestlandets rikaste på Fure?

I 1705 overtok Hans Nielsen Rue som fut på Fure, som han kjøpte frå bestefaren sin, sorenskrivar Christian Rue. Hans Nielsen Rue slo under seg mykje jord og vart styrtrik. Han rådde over 60 prosent av jorda i Sunnfjord, og var på denne tida større enn dei som då eigde Svanøy-godset. Rue vart ein av dei største skattytarane på Vestlandet. Hans Nielsen Rue vart i 1731 avsett som fut etter at det vart oppdaga kassemanko.

Fjordane vert samla

I 1710 - i futen Rue si "regjeringstid" - vart Sunnfjord og Nordfjord slegne saman til eitt futedøme. Sjå elles: Høvding- og futegarden Eide - om kvar futane i Nordfjord hadde tilhald.

Flytting til Svanøy

Hans Thiis Nagel overtok som fut etter Hans Nielsen Rue i 1731. Dei første åra budde Nagel på Fure, men i 1749 kjøpte han Svanøygodset og flytta frå Fure til Svanøy.

Kongane gjesta Fure

To gonger gjesta dansk/norske kongar futegarden på Fure:
Kong Christian V vitja futesetet på Fure på reise mellom Bergen og Trondheim i 1685.
Kong Christian VI og dronning Amalie Sophie vitja futegarden på Fure i 1733 på ei noregsreise der dei kom nordfrå og drog vidare til Bergen.

Futen Busch budde i Flekke

Frå 1625 til ca. 1645 var den rike futen Nils Busch busett på garden Solheim på vestsida av elveutløpet i Flekke.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no