Den gamle tingstaden og handelsstaden Tross låg ved fjorden i Dale, midt i det som no er sentrum i bygda. Den eldste tingstaden i bygda var truleg Dingemoen.
På Dingemoen vart det på 1800-talet funne fleire gravhaugar, og ein såkalla "holmgangsring" der folk gjorde opp usemja med å gå holmgang - dvs. kjempa mot kvarandre med våpen til den eine fall.
Sjå også:
•
Eksersisplassen på Dingemoen
På Dingemoen vart det også funne ei steinsetjing som var forma som hammaren til guden Tor.
Under 1. verdskrig vart Dingemoen nytta til potetdyrking, og då vart det gamle funnområdet rasert.
Frå 900-talet veit ein at Tross, som ligg nærare sjøen, vart nytta som tingstad. Framleis finn ein stadnemningane Tinghogane og Manneberget der.
|
Tross vart nytta som tingstad frå 900-talet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Siste avrettinga på Dingemoen
Dingemoen var i eldre tider avrettingsstad, og den siste avrettinga i Sunnfjord var truleg den som skjedde på Dingemoen i 1816.
Då vart Johannes Aurevaagen halshoggen fordi han hadde drepe svogeren sin. Svigermora, som var prestefrue i Ytre Holmedal og dottera hennar var også innblanda i drapet, og vart dømde til straffarbeid på Manufacturhuset i Bergen.