Bygde seg opp til ein av dei største norske skipsreiarane i jobbetida kring første verdskrig. 24 år gamal vart han leiar i sitt eige reiarlag, kontrollerte til sist ti ulike reiarlag og hadde eigen bank og assuranseselskap.
Grant Lea bygde m.a. ein stor villa - Leahall - på Kronstad i Bergen, og huset låg i ein park på 40 mål! Han gifta seg i 1916 med den adelege engelsk-indiske Hilda Constance Connor (1899-1961) frå Bangalore.
Flytta til Gjølanger
Grant Lea gjekk dundrande konkurs i 1925 og flytta til ein av dei få eigedomane han hadde att - ein gard i Gjølanger i Fjaler. Denne hadde han fått hand om i 1919. Her bygde Grant Lea etter kvart opp Gjølanger Bruk med landhandel, mølle, sag og trelastforrenting (
Gjølanger Bruk AS). Han var levande interessert i skogplanting, og planta til saman over 120.000 grantre på eigedomen sin i Gjølanger.
Ektemaken Hilda Constance var katolikk, og Erik Grant Lea konverterte sjølv til katolisismen i 1923. På eigedomen sin i Gjølanger bygde han eit ørlite kapell slik at dei to kunne dyrke den katolske trua si.
|
Erik Grant Lea med kona Hilda og dottera Sunniva. © Fylkesarkivet. |
Ivrig mosjonist
Som pensjonist vart Grant Lea ein ivrig mosjonist, og gjekk m.a. den harde "Nijmegenmarsjen" i Nederland fleire gonger. Erik Grant Lea gav i 1970 ut diktsamlinga "Røslyng, Stemninger og tanker". I 1972 gav forfattaren
Norvald Tveit ut Lea-biografien "Fra gull til grønne skoger" som skildrar det eventyrlege livet til Erik Grant Lea.