Ole A. Skaar starta landhandel på Grytøyra i 1903, berre 19 år gamal. Han måtte difor drive dei første åra i faren Anders O. Skaar sitt namn til han sjølv vart 21 år og myndig.
Kring 1920 starta han ein hermetikkfabrikk på Furneset ved Grytøyra. Dei første åra la fabrikken ned krabbe, og utvida seinare med blåskjellhermetikk. I 1937 bygde Skaar røykeri og starta sardinproduksjon.
Ny hermetikkfabrikk
I 1949 selde Skaar hermetikkfabrikken til Jakob Sætre, ein masfjording busett i Bergen. Sonen Hans Sætre vart driftsstyrar. Like etter kjøpet, brann fabrikken ned. Ny og større hermetikkfabrikk stod ferdig i 1950, og hermetikkfabrikken på Grytøyra var i dei beste åra oppe i kring 60 tilsette.
Fiskeoppdrett
Kring 1970 gjekk fabrikken inn i det landsomfattande hermetikkkonsernet Norway Foods som dreiv til 1984. Då vart hermetikkfabrikken lagt ned og anlegget selt til fiskeoppdrettar, krovert m.m. Alfred Hatlem frå Hyllestad. Han dreiv i nokre år ei mangearta verksemd; forsøkte seg m.a. med røykelaks og sursildproduksjon.
Anlegget vart på slutten av 1980-talet overteke av ei eigargruppe med fiskeoppdrettar Leif Hatlem frå Hyllestad som hovudinteressent - sjå:
Oppdrett og fiskeri i Hyllestad. Sidan 1994 har sonen Terje Hatlem vore eineeigar av firmaet Norsalmon AS, som driv lakseslakteri og pakkeanlegg i fabrikkbygget.
Landhandelen på Grytøyra har vore drive av Skaar-familien sidan starten i 1903, og i 2002 er det Ove Jan Skaar som er eigar.