Rolvsson var delvis inspirert av skulestyrar
Nikka Vonen til å starta ein slik skule i Dale.
Vonbroten
Bondehøgskulen var i drift berre i tre år, og hadde til saman 18 elevar frå dei næraste bygdene. Då Rolvsson merka at folk i bygda motarbeidde skulen hans, vart han så vonbroten at han slutta tvert og flytta tilbake til Bergen, der han vart journalist i "Bergens Tidende". Bondehøgskulen i Dale vart ikkje ført vidare.
Skipa bondevensforeining
I 1871 hadde Rolvsson også stilt seg i spissen for skiping av
Holmedals Sogns Bondevenforening, som fekk over 60 medlemer.
Landmark dreiv skule
Kring 1840 dreiv også sorenskrivar og folkeopplysningsmann
Nils L. Landmark ein slags "jordbruksskule" på garden sin på Tysse, der han tok inn bondegutar for å gje dei opplæring i moderne jordbruksdrift.