SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Fjaler:

Nikka Vonens jenteskule

"Pigeinstituttet" heldt til på garden Steia frå 1875. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Nikka Vonen var dotter til den kjende korpssmeden Bertel Vonen i Dale. Etter utdanning på jenteskular på Davik (sjå: Skular i Bremanger) og i Oslo, starta ho i 1869 sin eigen pensjonatskule for jenter i Dale saman med enkefru Laura de Ferry Nitter (f. 1843).

Publisert 02.09.2002 15:30. Oppdatert 05.12.2006 13:47.
Nikka Vonen. Fylkesarkivet
Jenteskulen - eller "Pigeinstituttet" - vart svært omtykt, og "betrestilte" jenter frå heile landet kom til Nikka Vonen i Dale for å lære både ålmenfag og folkeskikk. Til og med frå USA og Australia kom det elevar.

Eigen skulebygning

Dei første par åra heldt skulen til på garden Yksnebjør, men flytta i 1871 over til Bertel Vonens gard Steia. Denne garden tok Nikka sjølv over i 1875, og utvida hovudhuset. Seinare sette ho opp ein eigen skulebygning i tunet. Broren Peder Pavels Vonen bygde ein staseleg inngangsportal til Steia-tunet, og eit lysthus i same stil, med tårn og spir i den praktfulle hagen.

Nikka Vonen utvida hovudhuset på Steia. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I 1875 hadde jenteskulen 18 elevar. Dei yngste kunne vere ned til 11 år, dei eldste over 20.

61 personar på garden

På garden heldt Nikka Vonen eit stort hushald: I tillegg til seg sjølv, budde der m.a. "husstyrarinne" og fem tenarar. Tel ein med husmannsfolket som høyrde under storgarden på Steia, vert det til saman 61 personar.
Nikka Vonen dreiv skulen fram til helsa svikta i 1907.

Framgangsrike elevar

Nikka Vonen i relieff på bautasteinen som er reist på Steia. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I dei 38 åra skulen var i drift, gjekk det til saman 800 jenter på skulen. Mellom dei som gjekk på skulen var Bergljot Bjørnson, som faren Bjørnstjerne sende til jenteskulen i Dale, og Karen Platou, Høgre-kvinne som var den første kvinnelege Stortingspresidenten i Noreg. Ein av elevane, Maggie Nannestad (1875-1953), starta sjølv ein pensjonatskule for jenter i Jevnaker på 1920-talet.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no