|
Statuen "Vesle Daniel" er laga av Sivert Donali og vart avduka i 2002. |
Cand. philol. 1931. Reiste til sjøs i tre år før han vart lektor, først i Fredrikstad 1935-1945, deretter ved Ullern høyere skole i Oslo 1946-1965.
Diktaren Sande
Som diktar er Jakob Sande kjend for sin burleske og beiske humor, som t.d. i visa "Kallen og katten" og "Kleppe-Maret", men også for dei varaste kjensler og stemningar, som ein t. d. finn i "Vesle Daniel" og "Fløytelåt".
Han framførte sjølv visene sine, og akkompagnerte seg sjølv på strengeinstrumentet lutt.
Mange utgjevingar
|
Sande med lutten ved hytta i 1966. (Foto: NRK) |
Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga "Svarte næter", og gav sidan ut
"Storm frå vest", dikt (1931),
"Frå Sunnfjord til Rio", dikt (1933),
"Straumar i djupet", novellar (1935),
"Villskog", dikt (1936),
"Eit Herrens vèr" novellar (1943),
"Guten og grenda", dikt (1945),
"Skarlagensnora", novellar (1946),
"Korn og klunger", dikt (1950),
"Sirius", dikt (1955),
"Dikt i samling" (1956),
"Det kveldar på Kobbeskjær", dikt (1961),
"Noveller i samling" (1964).
Jakob Sande hadde heile livet nært samband med heimbygdene i Fjaler, og bygde seg i 1951 hytte på Kobbeskjærshaugen på Lending ved Flekkefjorden.
"Jubelhornet"
Sidan 1970-talet har visegruppa ”Jubelhornet” frå Fjaler turnet over store delar av landet ned viser av Jakob Sande. Mange av visene er tonesette av medlemmer av ”Jubelhornet”.
Minnesmerke
I Dale sentrum vart det i 1966 reist ein byste over diktaren.
I 1991 vart Jakob Sande-selskapet skipa. Selskapet har m.a. fått verna barndomsheimen til Jakob Sande på den tidlegare klokkargarden Vollen i Dale sentrum; Bestefarsstaua.
I 2002 vart det avduka ein skulptur med hovudpersonen i diktet "Vesle Daniel" i Dale sentrum.
Jakob Sande var son til Andreas Sande.
|
Jakob Sande vart fødd i "Bestefarsstaua" på Vollen. (Foto: A. Nybø, NRK) |
|
Jakob Sande vaks opp på Klokkargarden på Vollen. (Foto: A. Nybø, NRK) |