Etter ei tid trekte Ola Hovland seg ut og selde sin part til Didrik Dale, som saman med Hope dreiv forretninga under namnet Handelsstova AS. Dei heldt til i huset som Dale Cementstøyperi (sjå
Dale Tønnefabrikk) hadde brukt nokre år. Didrik Dale selde sin part til broren Andreas J. Dale.
I 1923 hadde Kristian Hope kjøpt ein eigedom på Tross av systrene Vonen, og då han og Andreas Dale braut samarbeidet med Handelsstova i 1927, heldt Hope fram med butikkdrift i handelsbua si på Tross. Andreas Dale heldt for sin del fram med landhandelen under det gamle firmanamnet Handelsstova (sjå nedanfor).
L. J. Sagevik
|
L. J. Sagevik bygde nytt forretningsbygg på Tross. Huset er seinare ombygd til bustad. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Etter at Kristian Hope døydde i 1931, heldt enkja Anne Pernille fram med butikkdrifta på Ludvig Sagevik sitt handelsbrev. Ho gifta seg seinare med Sagevik, som bygde nytt forretningsbygg. Ekteparet dreiv landhandel og handel med bensin og olje under firmanamn L. J. Sagevik. Då Sagevik gav seg i 1959, overtok Albert Hope, ein av sønene til Kristian og Anne Pernille Hope butikken og dreiv fram til 1979.
|
Stjernen Café og ei fiskematforretning heldt til i gamlebygget. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Stjernen Café og fiskemat
Ein annan son, John Hope, tok over den gamle butikklokalet på Tross og dreiv Stjernen Café der til kring 1970 saman med kona Signy. I 1952 starta dei også fiskematforretning i same bygget.
Solheim Snekkerverksted
Ei søster til Albert og John Hope, Bjørg, vart gift med Erling Solheim som i 1940 hadde starta møbelproduksjon i Solheim Snekkerverksted på Tross. I 1963 starta Bjørg og Erling interiørforretninga A.S. Møbler & Utstyr, som sonen Leif Agnar Solheim tok over i 1989. Same året vart snikkarverkstaden lagt ned og gjort om til lager.
|
AS Møbler & Utstyr. (Privat foto). |
Handelsstova AS
Andreas Dale heldt etter brotet med Kristian Hope i 1927 fram for seg sjølv med Handelsstova AS, og var samstundes ekspeditør for Fylkesbaatane. Dale dreiv ei tid med sildesalting, og bygde nytt pakkhus i 1939. Han bygde ferjekai for bilar (sjå:
Ferdsla på fjorden i Fjaler) i 1936, og seinare eit stort tre-etasjes forretningsbygg ved kaia som husa både butikk og kontor, og Fjaler Ungdomsheim med overnatting og kafé. I tillegg til butikkvarene, selde Andreas Dale også olje og bensin, trelast og kunstgjødsel.
Dale Spesialvarer AS
|
Dale Spesialvarer. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Bygget vart i 1988 overteke av Kåre Solheim, son til Bjørg og Erling Solheim (sjå ovanfor). Han opna butikken Dale Spesialvarer AS.
Fjaler Matsenter
Matvarebutikken i bygget, som vart driven av Olav Tessem, vart flytta over i Dale Senter under namnet Fjaler Matsenter. Dette gjekk konkurs i 1989. Kjøpmann Rune Iden frå Hyllestad dreiv matvarebutikken til 1997, då Asko Vest AS i Bergen overtok.
I 2005 bygde Kåre Solheim om det gamle ekspedisjonsbygget på kaia til fem utleigehusvære for turistar. Bygget har namnet ”D/S ekspedisjonen”.