Første ordførar i Ytre Holmedal kommune var
Johan Widing Heiberg Landmark og dei første formannskapsmøta vart haldne i tingstova på Tross i noverande Dale sentrum.
I 1895 stod det første kommunehuset ferdig, og frå same tid vart det etter framlegg frå
David O. Bakke flagga med reint norsk flagg når kommunestyret samlast. Kommunen førte møtebøkene på nynorsk frå 1896, og var såleis ei av dei første kommunane i Sogn og Fjordane som tok i bruk nynorsk som administrasjonmål.
I 1911 bytte Ytre Holmedal namn til Fjaler kommune, medan Indre Holmedal vart Gaular kommune.
Sjøferdsla forma kommunane
|
Frå trappa framfor det gamle heradshuset heldt Bjørnstjerne Bjørnson tale då han vitja bygda tidleg på 1900-talet. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Båtferdsla på fjorden var i lang tid den viktigaste bindelekken mellom veglause bygder, og heilt frå 1837 og fram til 1990 høyrde difor bygder på begge sider av Dalsfjorden til Fjaler kommune: På nordsida galdt dette alle bygdene heilt frå og med Vårdal i vest til og med garden Kleppe heilt inn mot Bygstad.
Sjøferdsla var på same vis avgjerande for at kystbygdene på sørsida; Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad høyrde til Askvoll kommune. (I gamal tid omfatta Askvoll kommune av same grunn også bygdene heilt sørover til Åfjorden i Hyllestad og øyane i nordre Solund).
I Fjaler, som i mange andre kommunar på den tida, dreia mykje av kommunevalet i 1910 seg om innføring av nynorsk i skuleverk, styre og stell. Men isen på fjorden såg lenge ut til å stogga nynorsktilhengjarane.
Grenseregulering mot Høyanger
I 1942 skjedde ei lita grenseregulering mellom Guddal og Vadheim ved at gardane Skitnevik og Byrkjosen, som ligg ved Vikavatnet på fjellet aust i Guddalen, vart ført over frå Fjaler til dåverande Kyrkjebø kommune (seinare Høyanger kommune).
Kommunereguleringa i 1964
Ved kommunereguleringa i 1964 skjedde ingen endringar i Dalsfjordregionen. Dette hadde samanheng med av vegnettet enno ikkje var bygd ut: Sjøferdsla gjorde det framleis naturleg at kystbygdene på sørsida vart verande i Askvoll kommune, medan nordsidebygdene Vårdal, Holmedal og Rivedal kjende seg mest heime i Fjaler kommune.
Delt etter fjorden
Den store kommunereguleringa langs Dalsfjorden kom først i 1990, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden: Sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad vart overførde frå Askvoll til Fjaler. Nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal vart overførde frå Fjaler til Askvoll, og dei austlegaste grendene på nordsida frå Laukeland til og med Kleppe vart overført frå Fjaler til Gaular kommune. Både i Holmedalsområdet og i "nordsidebygdene" lengre inne var det sterke krefter som arbeidde imot at Fjaler no skulle bli delt "etter fjorden", men det kom ikkje til folkerøysting om spørsmålet.
Fjalerhuset
Fjaler fekk nytt rådhus i Dale i 1988 - Fjalerhuset.
|
I 1988 fekk kommunen nytt rådhus i Dale sentrum med m.a. kommune- administrasjon og bibliotek. Bygget er kalla Fjalerhuset. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Dagens grenser
I 2002 grensar Fjaler kommune mot Gaular kommune frå Bjørvikstranda i Dalsfjorden, til Guddal, mot Høyanger kommune frå Guddal til Skorheia, mot Hyllestad kommune frå Skorheia til Folkestad, og mot Askvoll etter Dalsfjorden.
HAFS
Fjaler er saman med Askvoll, Hyllestad, Solund og Gulen, med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS, skipa 1992.