SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Askvoll:

Handel, hermetikk og brann på "Gamlekaia"

Tallak Hansson Stang
Tallak Hansson Stang
Tallak Hansson Stang (1839-1899) frå Straumen i Askvoll starta landhandel i Askvoll på 1880-talet. Han hadde først starta handel på Staveneset, men gjekk konkurs, og fekk eitt års gjeldsfengsel for dette.

Publisert 29.08.2002 12:18. Oppdatert 20.02.2007 10:22.
Stang vart også ekspeditør for Fylkesbaatane. Han bygde ei stor handelsbu, dreiv bakeri, og bygde også eit stort bustadhus som vart kalla "Nyborg". Då Stang døydde i 1899 tok tok Mathias Gjelsvik over og dreiv til han døydde i 1910. Deretter dreiv Theodor B. Larsen frå Skånevik som handelmann og skipsekspeditør til 1918.
Nyborg før 1919. Frå samlinga til Arnfinn Follevåg

Ein av fleire Haugen-brør

Rasmus Haugen, opphaveleg frå Haugen i Eid, busett i Måløy, tok då over og starta også sildesalting i budene på kaia saman med sonen Ragnvald Haugen. Ragnvald vart ein av fleire Haugen-brør frå Måløy som flytta nedover til Askvoll og Stongfjorden og m.a. vart fisketilverkarar, dampskips-ekspeditørar og handelsmenn.

Nystarta fabrikk brann ned

I 1919 skilde Rasmus Haugen frå ei sjøbu til eit selskap som starta Askvold Preserving Co A/S. Fabrikken og fem mindre hus rundt kaia brann ned i 1920.
Ragnvald Haugen bygde då ny bu på branntufta som vart nytta som ekspedisjonsbygg for rutebåtane.
Tyskarane okkuperte bua og "Gamlekaia" under krigen og gjorde mykje skade.

Overteke av P.A. Sølvberg

Ragnvald Haugen var ekspeditør for rutebåtane til midt på 1950-talet. Den offentlege kaien vart i 1956 flytta til Kråkeholmen, og i nyare tid vart ekspedisjonsbygget på Gamlekaia og bua der vart kjøpt av handelsfirmaet P.A. Sølvberg i 1962.
Den offentlege kaien vart i 1956 flytta til Kråkeholmen, og i nyare tid vart ekspedisjonsbygget på Gamlekaia kjøpt av Gunnar Sølvberg i P.A. Sølvberg.
Butikken til Birger Haugen til høgre

Hospits og bakeri

Broren Birger Haugen gifte seg med enkja etter Theodor B. Larsen, Anna, og dreiv landhandel i Askvoll i eige forretningsbygg. I åra 1925-1931 leigde Birger Haugen ut lokala til Anton Høyvik (sjå Askvoll Hospits) medan han sjølv dreiv bakeri i Olsenbua litt lengre aust fram til 1938. Borna til Anna Larsen og Birger Haugen tok i 1931 oppatt handelen i butikken ved ”Gamlekaia”, og Birger Haugen rigga seg til med bakeriet sitt i eit bakrom på familiebutikken. Dette dreiv han til 1949, då han overlet det til dottera Reidun og svigersonen Audun Wåge frå Måløy. Han kom til Askvoll og starta realskulen der i 1941 (sjå Realskule og gymnasplanar i Askvoll).
Birger Haugen på sine eldre dagar med to barnebarn

Ekteparet Wåge gav seg med forretningsdrifta ved Gamlekaia kring 1959, og butikken vart ei tid leigd ut til Askvoll Fisk & Fiskematforretning (sjå under Industri og næring i Askvoll). Då dette firmaet vart avvikla i 1974, tok Jorunn og Karl Lystad over og dreiv fram til dei stengde i 1980.
Audun Wåge med kona Reidun og borna Rigmor og Arild


MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no