|
Steinkross ved Vilnes kyrkje. Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Kopi av ein utskoren og måla altarfrontal frå ca. 1250 står på altaret i kyrkja. Originalen er teken vare på i Oldsaksamlinga i Oslo, og kopien er skoren av Oddvin Parr frå Sykkylven. Preikestolen i Vilnes-kyrkja er frå 1675, døypefonten frå 1674 og salmenummertavla frå 1755. Ein messehakel frå 1708 er teken vare på i Bergen Museum.
Kyrkjer frå 1320
På Vilnes har det stått kyrkjer heilt sidan før 1320. Denne kyrkja brann ned i 1673, året før noverande kyrkje vart reist.
Grava til Atle Jarl?
Det er hevda at ein stor stein på kyrkjegarden skal markere grava til
Atle jarl som døydde etter slaget ved Stavenes. Ei anna segn fortel om ein offerlund på Lundeneset sør for kyrkja, der det vart ofra til gudane i førkristen tid.
Store steinheller
Tre store steinheller på over to meter er reiste på ende på kyrkjebakken. Det knyter seg trolldomssagn om gode og vonde makter til steinane. På 1930-talet var det planar om å rive kyrkja, men den vart restaurert og varsamt ”modernisert” på 1950-talet.
|
Steinhellene ved Vilnes kyrkje. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Berga frå tremakken
Vilnes-kyrkja var i tida mellom 1815 og 1903 eigd av folk i Bulandet, men vart kjøpt tilbake av folket på Atløy i 1903.
Eitt av dei store problema med kyrkjer og andre trehus på kysten, er at dei er sterkt utsette for tremakk (mott). Dette hadde nær vorte banen for den gamle Vilnes-kyrkja
på 1960-talet: Det var aktuelt å rive. Men takka vere sterk motstand frå soknepresten og bygdefolket vart kyrkja berga ved å gasse ut tremakken, og kyrkja vart elles restaurert og bygd på eit sakristi mot nord slik at ho framleis var tenleg.