SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Fjaler:

Gruvene ved Sørdalsvatnet

Mellom Gjølanger og Hellevik går riksveg 607 på eit smalt res mellom fjorden og Sørdalsvatnet. Her kan ein sjå at vatnet er oppdemt omlag ein meter med ein primitivt mura steinmur.

Publisert 21.08.2002 11:30. Oppdatert 27.09.2002 10:55.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Gruvedrifta ved Hellevik [WM]  (LYD) - ungdomsskuleelev Ann Helen Brendehaug (12) fortel til Ottar Starheim om gruvedrifta i Sørdalen ved Hellevik.
Oppdemminga har samanheng med at Sørdalsvatnet i gamle dagar var transportveg for malm frå gruvedrift i dalen innanfor vatnet, og det var for å gjere vassvegen betre at oppdemminga vart gjort.
Nede ved sjøen finn ein framleis slaggrestar etter brend malm. Her låg smeltehytta på 1700-talet, og staden heiter den dag i dag "Verket".

Grimmeliens Kobberværk først ute

På 1600- og 1700-talet vart den norske fjellheimen saumfaren av folk på leiting etter metallårer. Det var gull og sølv som lokka mest, men heller ikkje kopar og jern var å forakte.
I Sogn og Fjordane fann ein drivverdig kopar i Årdalsfjella og starta Årdal Koparverk. Funne ved Grimelid ved Stongfjorden førte til Grimmelid Kobberværk og på Svanøy vart Svanøy Gruver starta. På alle stadane vart det starta gruvedrift - til dels i stort omfang.
I Saurdalen ved Sørdalsvatnet fann ein også koparkis, og her var også titanhaldig jernmalm.
Grimmelid Kobberværk som dreiv kopargruver ved innløpet til Førdefjorden, sikra seg retten til å drive ut malmen ved Hellevik. Dei som fekk privilegiet til gruvedrift både i Saurdalen og i Grimelid i var Wilhelm Teting og B. Reinhardsen. Dei rota ein del omkring frå 1759 og utover til 1780, bygde ei lita smeltehytte og demde opp Sørdalsvatnet, men noko gruvedrift i retteleg forstand vart det ikkje før i 1864.

Grimmeliens Kobberværk var truleg meir interessert i skogen kring Hellevik og Gjølanger enn i malmen der. På denne tida nytta ein nemleg eld og kaldt vatn i staden for krut for å sprengje berget. Store vidder vart snauhogne for å drive smelteverket i Grimelid. I bygdeboka vert det fortalt at avvirkinga kring Gjølanger og Hellevik vart så hard at det måtte setjast forbod mot meir hogst.

Titangruvene i Saurdalen

Større gruvedrift på titanmalmen i Saurdalen kom ikkje i gang før i 1864 - denne gongen av eit selskap som kalla seg "The Norwegian Titanic Iron Company Limited", med hovudkontor i Leeds i England. Den største titangruva dreiv dette selskapet i Blåfjell i Sokndal, Vest-Agder.
Gruveselskapet i Hellevik fekk namnet "Norske Titanjern Compagni - Sørdal Jernværk". Selskapet fekk skøyte på eigedomen i 1864. Både leiing og arbeidarar var for det meste innflyttarar. Nokre av dei skreiv seg for "Værket" eller "Jærnværket" til etternamn.

I tønner til England

I 1864 produserte selskapet 2600 tønner malm. I denne perioden var det inga smeltehytte i Hellevik, for malmen vart ført direkte ombord i skip og frakta til smelting i England. Det same gjorde dei med malmen frå Sokndal, og årsaka var at det på den tida berre var i England at ein hadde omnar som helt høg nok temperatur til å smelte ut titan frå malmen.
Inne i Saurdalen dreiv selskapet i to malmbrot som vart kalla "Ytste gruva" og "Inste gruva" - namn som heng ved landskapet den dag i dag. Ned til vatnet vart det bygt steinsette vegar og ein "vaggegang" med skinner ned til vatnet. Herfrå vart malmen frakta over Sørdalsvatnet i store prammar. Ved fjorden vart det bygt utskipingskai som ein framleis ser restar av.
Men drifta lønte seg dårleg, og i 1874 måtte titanjern-selskapet gje seg. I 1886 vart gruveområdet skøytt tilbake til den opphavelege eigaren.

Titanåre i ytre Sunnfjord og Sogn

Den same åra med titanhaldig malm som skapte gruvedrift i Saurdalen, finn ein også att ved Folkestad og ved Skifjorden i Hyllestad. Utanom Saurdalen, har det ikkje vore gjort forsøk på kommersiell drift på malmåra andre stader. På Tippheia ved Søre-Folkestad er det tydelege merke etter prøvetaking av malm. Det er uklårt kven som har skjerprettane der, men dokument frå tidleg på 1900-talet kan tyde på at det antan var franskmenn som hadde interesser der. Førekomsten der er svært liten.

Siste gruveperioden

I 1907 gjorde ein eit nytt forsøk på gruvedrift ved Sørdalsvatnet av eit engelsk selskap. No kom nokre trønderar til bygda, sette båtane i stand og bygde brakker. Seinare vart det arbeid for kring 20 mann. Men etter tre år gav ein opp, og sidan har det ikke vore gjort forsøk på å utnytte titanførekomstane ved Sørdalsvatnet.

Elevarbeid om gruva

I samband med Kulturminneåret i 1997 gjorde elevar ved Hellevik skule eit stort arbeid for å kartleggje gruvehistoria i Saurdalen. Resultatet av arbeidet vart gjeve ut på CD-rom, og elevane vart kalla til Oslo der dei vart heidra for den flotte innsatsen.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no