SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Askvoll:

Fornminne på Stavenes og Atløy

SOLVOGNA: Sjeldan hellesristing som ser ut som tohjula vogn med kusk, førespent av to hestar. (Sjå grafikk nede til høgre). Tilsvarande utforming av vognmotivet må ein til Sør-Sverige for å finne. (Foto/retusj.: A. Nybø, NRK)
SOLVOGNA: Sjeldan hellesristing som ser ut som tohjula vogn med kusk, førespent av to hestar. (Sjå grafikk nede til høgre). Tilsvarande utforming av vognmotivet må ein til Sør-Sverige for å finne. (Foto/retusj.: A. Nybø, NRK)
På Staveneset, ut mot havet og skipsleia, ligg ei mengd helleristingar og gravrøyser. I alt er det talt 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr.

Publisert 20.08.2002 15:37. Oppdatert 23.09.2002 12:18.
Dei fleste helleristingane er av skip. (Foto/retusjering: Arild Nybø, NRK)
Langs stranda ytst på sørsida av neset ligg helleristningsfelta og gravrøysene.

Helleristingsfeltet er merka med ei "løype" gjennom fornfeltet, men i 2002 er felta i dårleg forfatning, og det kan vere vanskeleg å få auge på helleristningane.

Vognmotivet. (Teikning: A. Nybø)

Mest skipsfigurar

Helleristningane framstiller for det meste skipsfigurar, og er daterte til bronsealderen (år 1800-500 f.Kr.) Men det er også avbilda ei såkalla solvogn (sjå grafikk til høgre og bilete øvst) der to hestar er spent føre ei tohjula vogn. Dette er eit motiv som er svært sjeldant i helleristingar. Det næraste vognmotivet finn ein i Skåne i Sverige.

Også på Leirvågneset på Atløy er det funne ein del helleristingar. Her er m.a. teikningar av båtar og soler.

Gravrøys på Stavenes. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Vikingslaget i Stavenesvågen

Segna vil ha det til at gravhaugane kan stamme frå vikingetida, då det stod eit slag på Stavenesvågen. I følgje Snorre skal slaget ha vore mellom jarlen Håkon Grjotgardsson og Atle jarl om herredømet på Vestlandet. Håkon jarl fall, og Atle jarl fekk også banesår. Han vart førd til storgarden på Atløy, der han døydde.

Ein veit ikkje sikkert kvar denne garden på Atløy låg, men den vert nemnt i einskilde kjelder som "kongsgard". Nokre meiner den låg på Herland. På denne garden skal Egil Skallagrimson ha drepe gardsstyraren Bård i eit drikkelag. Også Erik Blodøks (sjå om Svanøy: Maktsenter i landsdelen) skulle ha vore med på spetakkelet i "kongsgarden" . Han sette etter manndreparen Egil, men denne berga seg ved å symje over til ei øy - truleg Sauesundøy.

Langs stranda på Staveneset er det tett med gravrøyser og helleristingar. (Foto: Arild Nybø, NRK)


MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no