|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Vik: Johan Leuthäuser HirschJohan Leuthäuser Hirsch (1843-1923) oppvaksen i Vik som son av den andre distriktslegen der, busett seinare på Ås. Landbruksskulelærar og direktør ved Norges Landbrukshøyskole. Publisert 06.08.2002 11:07. Oppdatert 14.08.2002 11:58.Gjekk i lære som landmålar i Fjordane frå 1861, landbruksskule i Buskerud 1861-1863, Ås Høiere Landsbruksskole 1863-1865.
Lærar ved Mo Jordbruksskule 1866-1869. Kom til Jønsberg landbruksskole i Hedmark 1871 og byde den opp til ein mønsterskule, med ein undervisningsplan som vart mønster for seinare drift av landbruksskular. Vart 1895 direktør for landbrukshøgskulen på Ås, men gjekk etter konfliktar med landbruksministeren av i 1904. Var deretter styrar ved ein landbruksskule ved Lillehammer. Gav i 1911 ut "Bondens Raadgiver" i fem bind.
Hirsch vitja ofte fødebygda, og var m.a. sterk motstandar av blandingsavlen som då gjekk føre seg mellom fjordhest og dølahest (sjå: Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane).
Som pensjonist spekulerte han i eigedom, var med på å kjøpe eit herregods i Sverige, og flytta i 1914 dit som styrar fram til 1918. Siste åra av livet budde han i Oslo og dreiv eigedomsspekulasjon.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|