Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter fruktdyrking i Vik.
Viig Præstegjelds Landboeselskab
vart skipa i 1858 av
Christen Christensen, som seinare også var formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap.
Vik Sokneselskap
var skipa 1891, og endra seinare namn til Vik Jordbrukslag. Laget arbeidde m.a. med å odle fram gode avlsdyr, og Vik vart på dette feltet ei føregangsbygd.
I 1905 var Vik Meieri det tredje største i fylket. I 2002 er Vik Meieri det einaste meieriet i landet som produserer gamalost.
Hestehistoria i Vik
- sjå "
Skipa hesteavlslag og skapte dalasauen" - og "
Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane".
Seint på 1800-talet var det stor interesse for eksport av sau som slaktedyr til England.
Ein eksentrisk skipsreiar ba om seks kyr (med horn med knappar på!), ein okse og to unghestar av fjordhestrase.
Ein av dei stader der det vart satsa på tamreindrift kring 1840, var på Vikafjellet. Sjå også jakt i eldre tider: .
På garden Grønsberg, 450 meter over havet i Vik,vart det drive jordbruk på gamlemåten heilt fram på 1990-talet.
Høgdegardane Lee i Arnafjorden
Dei fire gardsbruka på Lee ligg 300 m.o.h. på austsida av Arnafjorden. Heilt til slutten av 1900-talet vart gamle driftsformer som lauving nytta i gardsdrifta, og kulturlandskapet på Lee, med gamle stuvingstre og mykje natureng, har vekt nasjonal interesse. I 1987 vart prosessane med styving og lauvberging på Lee filma og dokumentert. (Sjå elles om Lee under:
Ulukker i Vik).
vart skipa i 1870.
Fresvik Arbeidar- og Småbrukarlag
vart skipa i 1931. Erling Breilid var medskipar og leia laget i mange år. Laget stilte fleire gonger eiga liste ved kommunevala i Leikanger kommune.