|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vik: Vikja-fiffen blømde i militærtida | Folkeliv på kaien i Vik først på 1900-talet. På biletet er m.a. offiserar med fruer, hotelleigaren, lensmannsbetjent og fremst (t.h.) står skreddar Borstov-Ivar. (Foto © Fylkesarkivet) |
Det var eit langt sprang frå dei armodslege kåra som rådde i strandsitjarmiljøet på Vikøyri og til sosietetslivet som blømde i Vik på 1800-talet. Høgdepunktet var i åra frå 1874 til 1898 - då Sognebataljonen hadde øvingane sine i Vik. Publisert 30.07.2002 13:14. Oppdatert 16.08.2002 11:24.Offiserane hadde ei høg stjerne i fiffen som i denne tida freista å strekkje seg nokre alner over omgangsformene til folk flest i bygda. Saman med hotelleigaren, postmeisteren, presten og distriktslegen rekna offiserane seg i det øvste sosiale sjiktet, og bad kvarandre saman til overdådige festar og sommarball i hotellhagen. Sosietetsfamiliane skipa til "soiréar" kvar sundag som gjekk på turnus mellom dei kondisjonerte.
Men kvinnene klaga over at karane ut på kvelden vart "saa godt som ubrukbare" som dansekavalerar, og at dei dugde best til å spele "l'hombre" og "boston" rundt kortborda! Kvinne på si side delte på eit omgangsbeger toddy.
Somrane samlast vikja-sosieteten til sommarball i hotellhagen, der sterkt vikjaøl gjekk rundt i ei sølvkanne. Omgangsformene i det lokale jetsettet vert omtala som "urbane", og kvinnene skipa så tidleg som i 1914 dame-turngruppe - noko som var svært uvanleg for landsens kvinner på den tida. Her var lokal orkesterforening, og kondisjonerte fekk tilbod om engelskundervisning.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|