Ved sida av Lærdalsøyri, er Vikøyri den best bevarte strandsitjarstaden i fylket.
Restar etter liknande strandsitjarstader kan ein finna i Sogndalsfjæra (sjå "
Historia i Sogndal"), Lærdalsøyri (sjå "
Strandsitjarar og handverkarar i Lærdal"), og i Hola på Nordfjordeid (sjå "
Strandsitjarane").
Den tette klynga på kring 60 småhus vart reist på almenningsområdet som bygda hadde nede ved fjorden, på vestsida av elva Vikja, og aust for elva på Vetleøyri eller Seimsøyri.
Vikøyri vart utbygd på 1600-talet, første gong nemnd i 1611. I 1801 hadde det utvikla seg til ein liten landsby med 262 småkårsfolk, i 1900 var det 464 personar og i 1960 549 personar. Etter 1960 har folketalet gått sterkt ned.
Leigearbeidarar på gardane
Strandsitjarane på Vikøyri livberga seg som innbyggjarar på tilsvarande tettstader elles i fylket på leigearbeid kringom på gardane. Der fekk dei også leige ein liten jordlapp
til å dyrke litt poteter og grønsaker sjølve. I uthus og bislag på dei små husa på Vikøyri kunne dei fø ein gris, og hadde kan hende eit par sauer og nokre høner.
Elles var fjordfiske viktig matauk for strandsitjarane, og det var hevd at dei kunne hente seg ei bøtte sild når det vart kasta på fjorden.
Mange handverkarar
Utanom gardsarbeid, livnærte mange strandsitjarar seg av ymse handverk, eller var mannskap på jektefarten til Bergen. Andre starta med handel, og sleit seg etterkvart ut av armoda. På Vikøyri var det i 1801 fire skomakarar, to smedar, to snikkarar, og ein jordlaus husmann er ført opp som "korgbindar". Her fanst ein skysskaffar, og her budde også ein vektar (ein slags lokal politimann) og eit par underoffiserar med tilknyting til Vikamoen.
I 1895 vedtok kommunestyret at folk som budde på Vikøyri, ikkje måtte huse "innerstar" - dvs. fattigfolk på legd - og i 1905 vart det sett kommunalt forbod mot å huse "omstreifarar" i almenningen.
Storbrannar herja Vikøyri
Vikøyri vart stygt herja av brannar i 1838 og 1922 (sjå :
Ulukker i Vik). Før riksvegen gjennom sentrum vart lagt langs stranda, låg det ei lang naustrekkje som strekte seg frå dampskipskaien til elva Vikja. Det meste av denne er no borte.
Mange av småhusa på Vikøyri er i dag tekne vare på som feriebustader.
Fjerna glorete reklame
Tidleg på 1990-talet vart det i Vik, som første kommune i Sogn og Fjordane, starta ein aksjon for å ruste opp sentrum og få eins politikk for reklameskilting. Lysreklame vart fjerna, og i staden vart firmanamn måla på fasadane.