Student 1865 og cand. philol.
Fekk gjennom ein slektning som var gardstyrar på Holmedal gard (sjå bilete under
Johan Jenssen) kontakt med bygdene i Dalsfjorden. Skipa i 1871
Bondehøgskulen i Dale på Tross. Denne skulen var for "Vaksne bondegutar". Det var
Nikka Vonen som overtala Rolvsson til å starte skulen i Dale. Elevane kom frå dei næraste bygdene. Men folk i bygda motarbeidde skulen, og då Rolvsson fekk høyre dette, slutta han tvert i 1874 og reiste tilbake til Bergen, der han vart medarbeidar i "Bergens Tidende". Bondehøgskulen i Dale hadde i alt berre 18 elevar.
Rolvsson var nynorskmann, og skreiv i tida si i Dale også ein eigen "Synnfjordssong".
Han skipa også og vart leiar av
Holmedals Sogns Bondevenforening i 1871. Foreninga gjekk inn i bondevenrørsla kring stortingsmann Søren Jaabæk. Foreninga hadde på det meste over 60 medlemer. Sjå også om
Norskelaget i Holmedal.
|
Frå ein klatretur til Galdhøpiggen. F.v.: Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann og Jens Rolvsson. (Foto © Fylkesarkivet) |