SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Vik Sparebank

Vik Sparebank i Vikjatunet. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Vik Sparebank i Vikjatunet. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)

"...til Sædeligheds Befordring"

Vik Sparebank vart skipa i 1846 etter opptak frå krigskomissær og ordførar Christian Fredrik Fasting.

Publisert 25.07.2002 14:41. Oppdatert 15.08.2002 16:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
I skipingspapira står det at: - "I Viigs Præstegjeld oprettes til Sædeligheds, Flids, Ordens og Sparesommeligheds Befordring under betryggende Sikkerhed, en Sparebank kallet Viigs Sparebank". - Slike "moralreglar" var vanlege reglar for dei første sparebankane fleire stader i fylket på den tid, for sparsemd og evna til "å leggje seg opp nokre kroner" vart fremja som ein dyd både av geistlege og verdslege føresette. Grunnfondet vart skaffa til veges av 151 innskytarar.

I åra frå 1876 til 1880 opplevde banken ei krise, då uttaka var dobbelt så store som innskota. Banken måtte ta opp lån for å ri stormen av. Banken fekk elles store tap i samband med den mislukka Gaulasamskipnaden - kraftlaget som skulle byggje ut Gaularvassdraget i Sunnfjord på 1920-talet.
Frå 1965 til 1989 dreiv banken filial i Framfjorden.

Frå offisersgarden til Vikjatunet

Banken heldt dei første åra til i offisergarden Sjøtun, der Fasting budde. Frå 1850 til 1890 heldt banken til i skulehuset på Grov. I 1890 vart det bygd kombinert kommunehus og banklokale (i 1994 overteke som kontor av arkitektane Anders og Olav Vikøren). Her heldt sparebanken til fram til 1964, då den flytta inn i nytt bygg på Sjøtun. Her leigde også Vik Apotek og Sognekraft seg inn.

Frå 1983 kom sparebanken til å stå sentralt i planlegging og finansiering av det nye handels- og servicesenteret Vikjatunet, som vart opna i 1989. I eigarselskapet Vik Servicesenter AS fekk kommunen 51 prosent og sparebanken 49 prosent. Bygget fekk i tillegg til spesialforretningar for sport, klær, leikar, blomar og konditori også plass til bank, postkontor, trykkeri, forsikring, datafirma, bilforretning og revisjon.

Etter økonomiske problem som m.a. skuldast manglande betaling av husleige, overtok Vik Sparebank som eineeigar av Vikjatunet i 1992.

Vik Sparebank er i 2002 ein av dei få lokale sparebankane som er att i Sogn og Fjordane.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no