SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Luster:

Fortun stavkyrkje til Fantoft

Fantoft stavkirke etter brannen. (Foto: NRK)
Fantoft stavkirke etter brannen. (Foto: NRK)
Fram til nyekyrkja, Fortun kyrkje, vart bygt i 1883 sto det ei gamal stavkyrkje i Fortun, bygt 1160-1180. Då denne vart riven, var mykje av tømmeret selt til konsul F. G. Gade i Bergen.

Publisert 24.07.2002 15:49. Oppdatert 10.07.2003 13:18.
Han nytta mange av dei gamle bygningsdelane då han sette opp ein kopi av ei stavkyrkje på Fantoft ved Bergen.

Ornamentikken i den gamle stavkyrkja var ikkje særleg omfattande, men den hadde ein utskoren flettverksboge på vestsida, nokre utskjæringar på hovuddøra, og søylekapitél med krossar. Men denne gamle "Fantoft stavkyrkje" hadde etter det ekspertane har funne ut, etter måten svært få bygningselement etter stavkyrkja i Fortun. Fantoft stavkyrkje vart utvendes gjort til ein kopi av Borgund stavkyrkje - med svalgang og spontak prydd med drakar og midtstilt takryttar (tårn). Det var såleis ikkje noko "nasjonalt klenodium" av ypparste klasse som brann ned i 1992 då ein "satanist" sette fyr på kyrkja på Fantoft.

Ein kopi av kyrkja vart reist på same staden og opna i 1997. Mykje av tømmeret til denne nye kopien vart henta i Kaupanger-skogane og skore på saga ved Hundershagen Sagbruk og Høvleri i Kaupanger.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no