Vangsnes var det viktigaste senteret for jektefart i Sogn. I 1890 vart det talt 17 jekter i bygda.
Vik bygde kommunal kai
Vik kom med som stoppestad for dei første Fylkesbaatrutene i 1858, og første ekspeditør var Chr. Rasmussen. Det vanlegaste var at private ekspeditørar bygde kaia, men i Vik bygde kommunen dampskipskai i 1864.
Vikjene måtte betale for å få lov å stå på kaia når "dampen" kom. Dessutan vart det forbod mot dans på kaia.
Frå 1866 fekk Fylkesbaatane hard konkurranse på Sognerutene frå andre dampskipsselskap.
Fylket kjøper Hopstock-kaia
I 1898 vedtok fylkestinget å kjøpe kaia til hotelleigar og handelsmann
Jens Krogh Hopstock, og ved denne kaia var det berre fylkesbaatar som fekk leggje til.
Dampskipsekspeditør Hopstock plikta seg skriftleg til å avvise dampskipet "Ørnen" dersom det konkurrerarande ruteskipet freista å leggje til (sjå "
Konkurranse om rutefarten" og "
Ulukker i Lærdal").
Fresvik
kom med som stoppestad på dei aller første rutene som Fylkesbaatane starta mellom Bergen og Sogn i 1858. Fresvik hadde frå 1971 til 1976 anløp av ekspressbåtruta Bergen-Sogn, men fekk på 1990-talet snøggbåtsamband att ved at lokalruta som Fylkesbaatane sette opp mellom Aurland og Sogndal gjekk innom Fresvik.
Nese i Arnafjord
fekk rutestopp av Fylkesbaatane ein gong i månaden frå 1862, men fall ut av rutene etter ei tid. Først i 1882 kom bygdene inn att på dampbåtrutene, og hadde kring 1900 tre stopp i veka.
Vangsnes
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og Lars L. Vangsnes var ekspeditør og postmann.
Den første ferja som gjekk til Vangsnes, var ferjeruta som frå 1945 vart sett opp mellom Nordeide i Høyanger og Leikanger.
Ferjesambandet Vangsnes-Grinde-Balestrand
vart opna i 1952, men før den tid hadde også ferja som gjekk mellom Vetlefjorden og Grinde i Leikanger før vegen til Balestrand var ferdig, nokre daglege turar over fjorden til Vangsnes.
Ferjesambandet Vangsnes-Dragsvik-Hella
vart opna i 1956 då vegen frå Grinde til Hella var ferdig. Same året opna Vik-Voss-vegen (
Vikafjellsvegen), og trafikken auka sterkt.
|
Vangsnes ferjekai 1966 |
Feios
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og handelsmann Kristen Offerdal vart ekspeditør og bygde kai.
Sylvarnes
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1890.
Faste ruter med D/S "Vangsnes"
Johannes J. Vangsnes frå Fresvik starta i 1903 faste ruter mellom Bergen og Sogn med D/S "Vangsnes". Johannes døydde i 1913, og sonen
Nils J. Vangsnes overtok.
|
Mannskap på D/S "Vangsnes". F.v.: styrmann Kristian Vangsnes, fyrbøtar Sigurd Bøthun, kokk Ellend Vangsnes, maskinist Ragnvald Hauglum Vangsnes og skippar Nils J. Vangsnes. (Foto © Fylkesarkivet) |
Framfjorden
fekk stoppestad for Fylkesbaatane i 1908 i samband med at selskapet Mineral og Kraft AS starta kalkgruve der (sjå "
Talkgruvene i Framfjorden").
Finden
kom i 1924 inn på ruta til ei lokal motorbåtrute som Fylkesbaatane dreiv i fjorden mellom Lavik og Fjærland.
Passasjerskipet "Balholm" sette Fylkesbaatane i rute mellom Høyanger-Vik-Balestrand-Leikanger-Flåm i 1949. Same året sette selskapet "Sognefjord" og "Sunnfjord" inn i rutene på Bergen.
Ekspressbåten
mellom Sogn og Bergen starta i 1971, og Vangsnes kom med på ruta frå første dag. Ei tid var også Fresvik med på ekspressbåtruta (sjå Fresvik lenger oppe). Rutestopp i Vik vart nokre år sløyfa, men kom med att frå 1998.
Skyssbåtar
Peder Kvamme var den mest kjende skyssbåtføraren. Han dreiv frå slutten av 1920-talet skysstrafikk med fire båtar: "Tommeliten", "Solo", "Ramona" og "Bolinder". Den siste vart under 2. verdskrig nytta som slepebåt for lekterar på Årdalsvatnet under Nordag-utbygginga (sjå "
Tyskarane satsar på Årdal").
Den siste som dreiv passasjerbåt i Vik var Herman Vikøren med båten "Solveig", som var i drift til 1970-talet.
"Sylvarnes" til veglause grender
Ei lokal båtrute med fraktebåten "Sylvarnes" har dei siste åra utført vare- og passasjertransporten frå Vik og vestover til dei veglause grendene på sørsida av Sognefjorden.
Ekspressbåten
mellom Bergen og Sogn har daglege anløp måndag-fredag til Vik.