Førre side:
·
Kjende personar i Balestrand fødde 1850-1900
Helga Normann Leknes
(1902-1987) - sjå under
Emma Pastor Normann.
Fridtjof Smith-Hald d.y.
(1909-1989) frå Bergen, frå 1981 busett i Balestrand. Kunstmålar. Både bestefaren Fridtjof-Smith-Hald (1846-1903) og faren Bjørn Smith-Hald (1883-1964) var kunstmålarar. Det var bestefaren, fødd i Kristiansand, som først kom til Balestrand i 1891 for å måle Sogne-landskapet. Fridtjof d.y. var som kunstnar busett i fleire europeiske land før han i 1981 slo seg ned i Balestrand og bygde seg hus på Fjærestad. Han hadde utstillingar m.a. i Paris, Stockholm og Antwerpen, og heldt også ein mengd utstillingar i Sogn.
(1909-1979). Bonde og polfarar.
Haakon Steine
(1913-1995) frå Masfjorden, busett i Balestrand. Lensmann og Høgre-politikar. Arbeidde ved Sogn politikammer før han vart lensmann i Balestrand 1949-1978. Steine var medlem av kommunestyret, ordførar i Balestrand ein periode og medlem av fylkestinget 1975-1979. Fylkesleiar i Høgre 1978-1979.
Arne Melkild
(1914-1996) frå Stangvik, Nordmøre, busett i Balestrand. Sekretær og forfattar. Har skrive boka "I baut og lens på Lofoten og Finnmark" - om klippfisktransporten frå Nord-Noreg til Nordmøre, og "Kunstnarliv" - om biletkunstnarar i Sogn (Skald 1993).
(1918-1989). Lærar og Kristeleg Folkeparti-politikar.
(f. 1921). Biletkunstnar.
(1922-1960). Bonde og skyttar.
(1923-2007). Forretningsmann, industrigründer og Høgre-politikar.
f. 1924 i Balestrand, busett i Minnesota, USA. Sjukepleiar og forfattar.
f. 1925 i Balestrand, busett i Leikanger. Siviløkonom frå NHH 1950 og sjukehussjef.
Leif Thue
(1928-1993) i Fjærland, oppvaksen i Balestrand og busett i Spydeberg, Østfold. Jernbanefunksjonær og organisasjonsmann. Var frå 1984 til 1993 leiar i Norsk Jernebaneforbund.
Jens K. Ese
f. 1929 i Balestrand. Lensmann og Høgre-politikar. Lensmann i Balestrand 1978-1994. Medlem av kommunestyre og formannskap, ordførar 1982-1984. Far til
Kjell Ese.
Olav L. Ulvestad
(1929-2004). Fødd i Vetlefjorden. Bonde og Senterparti-politikar. Ordførar i Balestrand 1984-1995. Styreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS) Sogn og Fjordane og i mange år i lokale ungdoms- og idrettslag. Har interessert seg mykje for lokalhistorie, og skreiv i 1998 boka om bygginga av Gaularfjellsvegen 1936-1938. Tildelt KS sitt heidersteikn.
Anna Bale
(fødd Thue) f. 1929 i Bergen, hadde oppveksten mykje i slektsbygda Balestrand, busett i Bærum. Jurist og reiselivsdirektør. Arbeidde i mange år i Samferdsledepartementet m.a. som underdirektør til ho vart direktør for Reiselivsdirektoratet 1979-1998. Var m.a. medlem av turistutvalet i Nordisk ministerråd og i turistkomiteen i OECD.
(1930-1991). Hotelleigar.
Norvald Nesse
f. 1936 på Nessane, oppvaksen i Vetlefjorden, busett i Trondheim. Professor i kjemiteknikk ved NTNU i Trondheim. Arbeidde som forskar ved SINTEF 1961-1968, og har sidan vore tilsett ved Institutt for kjemiteknikk, der han har arbeidd mykje med prosjektering av industrianlegg og forska på membranteknikk. Har vore gjesteforelesar ved utanlandske universitet, og har hatt fleire tilllitsverv ved NTNU, m.a. som dekanus.
f. 1937. Dr. juris og professor.
f. 1938. Hotelleigar.
f. 1940. Høgskulerektor, forfattar, redaktør og Arbeidarparti-politikar.
|
Erland Fagermoen. |
f. 1942 i Onsøy, busett i Balestrand. Bonde, elektroteknikar og Kristeleg Folkeparti-politikar.
f. 1943. Advokat og OL-direktør.
f. 1944 i Vik, sjå denne under
Kjende personar i Vik fødde år 1900-1950, oppvaksen i Jølster, busett i Balestrand. Historikar med doktorgrad i migrasjonshistorie, og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Njål Gunnar Støyva
f. 1948 i Vik, busett i Nessane. Høgskulelektor i musikk og komponist. Utdanna ved Lærerhøyskolen i Bergen og i komposisjon ved Musikkhøyskolen i Oslo. Debuterte i 1976 i Århus i Danmark med ein symfoni. Har ein stor og svært allsidig produksjon bak seg , og har m.a. skrive fleire symfoniar for orkeseter og kor, solostykke, teater-og filmmusikk. Verka hans har vorte framførde m.a. ved Festpela i Bergen og ved festspel og konsertar i Noreg og utlandet.