Førre side:
·
Kjende personar i Balestrand fødde før 1850
(1850-1917). Hotellvertinne.
(1850-1894). Fjellklatrar, kyrkjebyggjar og hotellvertinne.
(1852-1955). Lærar, målreisingsmann og forfattar. (Sjå
Skular i Vik)
(f. 1853). Prest og målreisingsmann.
Ola Sjurson Meland
(1854-1928) frå Vetlefjorden. Prest og teologiprofessor. Gjekk Balestrand Lærarskule 1872-1874 og reiste til Amerika 1875, der han studerte til prest, og tok eksamen i 1881. Studerte deretter to år ved Universitetet i Oslo og vart professor i kyrkjehistorie og dogmatikk ved Red Wing seminar i USA i 1884-1892. Arbeidde seinare som prest ved Red Wing fram til 1914. Redigerte tidsskriftet "Budbæreren" 1886-1887.
(f. 1858). Bondekone og biletvevar.
Johannes M. Johannessen
(1859-1926) frå Bergen - sjå
Villa Solheim.
(1861-1923) frå Balestrand, busett i Oslo. Teolog og professor.
Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund
(1862-1934) frå Kvamsøy, busett på Davik i Nordfjord. Lærar, lensmann og Venstre-politikar. Lærar i Davik frå 1886 og kasserar i Davik Sparebank 1896-1933. Lensmann i Davik frå 1916. Ordførar frå 1899 til 1916. Varararepresentant til Stortinget 1800-1903 og fast repr. 1913-1918. Far til
Alf Rosenlund. Statsråd
Edvard Liljedahl var onkelen.
(1863-1929). Kunstmålar, bokillustratør og forfattar.
Håkon Kaulum
(1863-1933) frå Bergen. Landskapsmålar. Bygde i 1901
Villa Jotunheimen.
Gertrude Abbott
(1866-1951) - sjå
Villa Balderslund.
Johan Peter Broust Fahlstrøm
(1867-1938) frå Trondheim, busett i Balestrand. Skodespelar og teatersjef, bilethoggar og målar - sjå Villa
Sjølyst. Sonen hans, Arne f. 1893, drukna då "Titanic" gjekk ned i 1912.
Niels Wiig
(f. 1868) frå Bergen, busett i Balestrand. Prest og målreisingsmann. Han arbeidde m.a. som misjonær på Madagaskar og prest i Ulstein før han vart prest i Balestrand 1916-1928. Var ein føregangsmann for å ta i bruk nynorsk i kyrkja, og preika berre på nynorsk frå 1917.
(1870-1957) frå Vangsnes. Bonde og Høgre/Bondeparti-politikar, m.a. ordførar i Balestrand og stortingsrepresentant.
Carl Tietz
(ca. 1870-1934) frå Berlin, busett i Balestrand. Han var hoffotograf hos keisar Wilhelm II, og kom såleis til Balestrand, der han bygde
Villa Norlandheim i 1905. Etter 1. verdskrig kom han tilbake og starta fotoforretning i Balestrand,
Fotograf Tietz. I 1920 bygde han nytt hus, og vart buande i bygda resten av livet.
(1871-1954). Kunstmålar.
(1875-1965) frå Vik. Har m.a. skrive bygdeboka for Kvamsøy sokn og skodespel om Fridtjof den frøkne og Ingebjørg (1912).
(1879-1949). Kjøpmann, og grunnleggjar av det kjende handelshuset "Erling Nesse".
(1880-1965) frå Balestrand, busett i Bergen. Bankmann og lokalhistorikar.
(1881-1919). Kunstmålar.
(1881-1961). Møbelsnikkar og treskjærar.
Anna Mundal
(1883-1965) frå Fjærland, busett i Balestrand. Ververske som i 1929 starta vevstove i Balestrand. Ho hadde starta med veving i 1909, og dreiv vevskule med elevar frå England, Amerika og fleire skandinaviske land. Vevstova var i drift i heile mellomkrigstida, og Mundal hadde to jenter til hjelp.
Sjå "
Vevstovene i Balestrand".
Anna Bø
(1884-1939) frå Balestrand. Veverske - sjå
Klaudine Skarestad.
Nils Johannesson Nesse
(1885-1981) frå Nessane. Bonde og spelemann. Han spesialiserte seg på hagebruk, var kjend som ein føregangsmann for bærdyrking i Sogn, og fekk bygd vassverk i heimbygda. Nils var ein dugande spelemann som vart mykje nytta kringom i heile Sogn.
(1889-1968). Ingeniør og redaktør.
Klaudine Bale
(1889-1982) frå Balestrand. Veverske - sjå
Klaudine Skarestad.
(1890-1962) frå Fjærland. Bonde, banksjef og Venstre-politikar, m.a. ordførar i Balestrand.
Ragnhild Thue
(1893-1985) frå Thue. Sjukepleiar. Var diakonisse og ei tid oversøster ved Kysthospitalet Hagevik ved Bergen. Engasjerte seg mykje i hjelpearbeid i Balestrand, og testamenterte i 1985 eigedomen sin til Sogn Ungdomsskule som kvileheim. Tildelt Kongens fortenstemedalje i sølv.
Oddmund Bøyum
(1893-1948) frå Balestrand. Skulestyrar og pensjonateigar. Styrar ved Balestrand 2-årige Framhalds og mellomskule 1925-1947. Kjøpte det konkursråka
Kvammens hotell (Bøyum pensjonat) i 1931 og nytta dette som skulebygg og internat. Huset vart nytta som skulebygg til 1952, og seinare som Bøyums Pensjonat.
(1895-1935). Hotelleigar og Høgre-politikar.
(1895-1978). Hotelleigar.
(1896-1963) fødd i Balestrand, busett på Leikanger. Trykkeri- og aviseigar.
(1898-1970) frå Gjemnes, busett i Balestrand 1937-1955. Lærar og barnebokforfattar.