|
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003) |
Urnes stavkyrkje er eitt av dei få norske byggverka som er med på UNESCO si liste over dei fremste kulturskattane i verda. Denne stavkyrkja er ikkje så pynta utvendes som den like godt kjende
Borgund stavkyrkje. Også
Hopperstad stavkyrkje i Vik, som kyrkjereddaren
Peter Andreas Blix restaurerte og bygde om utvendes til ein kopi av Borgund stavkyrkje, er meir pynta enn Urnes stavkyrkje.
Blix hadde også planar om å gjere noko liknande med Urnes stavkyrkje. Men han kom heldigvis ikkje så langt, vil mange seie. Dette er nok også grunnen til at Urnes stavkyrkje i dag framstår som ei av dei mest "opphavelege" norske stavkyrkjene - både utvendes og innvendes.
|
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003) |
Urnes-portalen
Juvelen i utsmykkinga på Urnes-kyrkja er den vidt kjende portalen på nordveggen: Urnes-portalen. Portalen kransar om ei smal dør, og ved sida av står også nokre loddrette veggbord skorne i den same stilen - med dyreornament snodde saman i eit elegant og djuprissa mønster.
Ein reknar som sikkert at portalen og dei andre borda på nordveggen er eldre enn den noverande kyrkja, og stammar truleg frå ei eldre Urnes-kyrkje frå 1000-talet. Få norske kunstverk frå mellomalderen er betre kjende ute i verda enn
|
(Foto: Ole Fretheim, NRK) |
denne Urnes-portalen. Den har m.a. gjeve opphavet til omgrepet "Urnes-stilen" som ein kan finne i ulike stein- og trearbeid frå same tid i andre nordiske land.
Avsaga kyrkjedør
Hovuddøra inn til kyrkja frå svalgangen på vestsida står i ein vakkert utskoren portal. Men ein legg merke til at sjølve døra har fått avsaga den øvre bogen, og har vorte flytta frå sin opphavelege plass på innsida av karmen. No er døra hengsla slik at den rir ut, og står i eit spor som er primitivt hogge ut i dei elles vakre, utskorne sidestolpane.
|
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003) |
Bakgrunnen for denne ombygginga - som vi finn på alle norske stavkyrkjer, - var den dramatiske brannen i stavkyrkja på Grue i Hedmark i 1822. På grunn av at kyrkjedørene der reid inn, vart den panikkslegne kyrkjelyden stengt inne då dei storma mot døra, og 117 menneske brann inne. Etter denne tragiske hendinga, vart det gjort vedtak om at alle offentlege bygg i Noreg skulle få dører som reid ut, slik at folk kunne røme lettare i tilfelle brann.
|
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK © 2003) |
Dette er grunnen til at mest alle kjende bogedører frå m.a. norske stavkyrkjer har avsaga boge øvst: Dei vart dermed enklare å byggje om då forskriftene om utsvingande dører kom etter kyrkjebrannen på Grue i 1822. Forutan i stavkyrkjene, er det teke vare på slike avsaga bogedører m.a. på
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og i våpenhuset på
Ålhus kyrkje i Jølster.
Stavkyrkja berga frå stormen?
Inne i kyrkjeskipet får ein lett auge på dei store og primitive krysstaga som går tvers over skipet. Desse "framandelementa" kan skrive seg frå harde stormnetter, då bygdefolket måtte handle raskt for å stive av kyrkja slik at ho ikkje brotna ned.
Ei anna forklaring kan vere at kyrkjeskipet måtte stivast av, då ein på 1600-1700-talet saga av to av dei berande stavane/søylene ved koret for å gje plass til eit ekstra altar og kyrjestolar for rikfolk.
|
Vindauge i kyrkja. (Foto: Arve Uglum, NRK) |
Men antan det var storm eller svikt i bærestolpane som gjorde det: Dei gamle har ikkje makta å rette det gamle kyrkjebygget heilt opp i lodd - for siktar du etter den vakre smijarns-lysekruna frå 1100-talet som heng ned frå kyrkjetaket, ser du at den "heng skeivt". Men kruna heng sjølvsagt loddrett - det er kyrkja som er skeiv.
Fabeldyr på stolpane
Alle kapitéla - dvs. stolpetoppane på dei 14 stavane i kyrkjeskipet - er dekorerte med 50 religiøse motiv og bilete av fabeldyr. Eitt av desse fabeldyr-motiva er gjort til "bumerke" for Fortidsminneforeninga, som frå 1880-talet har vore eigar av Urnes stavkyrkje.
Inventaret
Koret i kyrkja vart bygt i 1601. Altartavla er ei vakker renessansetavle frå 1699. Ein lysestake på altaret frå 1100-talet er forma som eit vikingskip, og på altaret stiller ein ved særskilde høve også opp to 53 cm høge lysestakar frå Limoges i Frankrike, laga kring 1250. Dei er støypte i bronse og dekorerte med fleirfarga emalje. Stakane vart utlånte til høgaltaret i Nidarosdomen ved signinga av kongeparet Harald V og Sonja i 1993.
I koret står også det som truleg er den eldste stolen i landet - den vert kalla bispestolen, og er datert til kring 1150.
Korveggane er dekorerte med måleri frå 1601 og viser Jesus og dei tolv apostlane. Preikestolen er frå ca. 1695, dåpsfat frå 1640, nattverdsutstyr frå 1648, bibel frå 1699, åtte cm. høg Johannes-figur frå 1200-1250 i forgylt kopar. Korskiljet er frå kring 1700, og ei 225 cm høg Golgata-gruppe over koropninga er frå 1150.
|
(Foto: Ole Fretheim, NRK) |
Elles finn ein eit måleri frå 1655 som skildrar det nye Jerusalem. Det er gjeve av rikmannen Jan Jansen Teiste frå Ytre Kroken. I kyrkjeskipet heng elles to måleri frå 1678 og 1688 med religøse motiv, og elles finst det stolvangar og stolar frå tida 1684-1701. I kyrkjeskipet merkjer ein innebygd kyrkjestol med tregitter føre seg sterkt ut. Her sat prestefrua på stas.
Storfolk sat fremst
På dei fremste kyrkjebenkane hadde elles storfolk frå Teiste- og seinare Munthe-slekta i Ytre Kroken sine faste plassar. Bygdefolk elles, og særleg dei som hadde lågast rang, måtte sitje på smale benkar på det kummerlege galleriet eller rundt i koret.
Sakristi
Urnes stavkyrkje har i tidlegare tider hatt eit sakristi som vart bygt i 1720. Dette og nokre vidauge av yngre årgang vart fjerna då Fortidsminneforeninga tok over i 1880 og starta restaurering under leiing av Jens Z. M. Kielland.
Figurar på Bergen Museum
I Bergen Museum finst "Urnes-madonnaen" frå 1150-1200 - ein vakker og måla treskulptur skoren ut i tresorten selje, eit munkehovud frå kring 1200, og ein 78 cm høg skulptur frå 1180 som antan framstiller Jesus eller Olav den heilage.
Sjå også:
·
Mellomalderhovdingar på Ornes
|
(Foto: Arne Eithun, NRK) |