SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Keisar Wilhelm II og Balestrand

Keisar Wilhelm II (t.v.) ombord i
Keisar Wilhelm II (t.v.) ombord i "Hohenzollern".
Keisar Wilhelm II (1858-1941) av Tyskland var ein årviss gjest i Balestrand frå 1910 og fram til krigsutbrotet 1914. På sommarturane til Noreg heldt han stort hoff ombord på det staselege keisarskipet ”Hohenzollern”, og keisarskipet vart alltid eskortert av ein stor flåte krigsskip.

Publisert 31.05.2002 14:58. Oppdatert 15.01.2004 14:24.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
VIDEO: Programmet 'Tysk keisar i norsk fjord'

Keisarleg morgonbad

Livvakta til keisaren var ikkje begeistra for spaserturane. Her er keisaren (med kvit lue) i selskap med eigne offiserar og venen Hans Dahl.
Under opphaldet i Balestrand hadde keisaren som fast rutine å ta morgonbad i Sognefjorden, same kor kaldt det var i vatnet. Etter symjeturen gjekk han og fylgjet ein spasertur. Keisaren
Keisar Wilhelm II (t.v.) i hageselskap ved Villa Strandheim.
likte å spasere, noko livvakta var svært engsteleg for. (Sjå 1911 og "Spionar med attentatplanar mot keisaren").

I Balestrand var han ofte gjest hos venen, kunstmålar Hans Dahl.

Heile bygda stod på ende med faner, flagg og folketog når keisarfylgjet kom til Balestrand.

Keisarleg rovfiske

Mannskapet på dei tyske krigsskipa dreiv fiske frå lettbåtane.
Esefjorden var ein god fiskeplass, og mange langs strendene dreiv næringsfiske i fjorden. Men når keisarflåten kom, fekk dei konkurranse. Matrosane strekte not over mest heile fjorden, og med motorbåt i kvar ende drog dei nota innover og sopa med seg det som var. Bygdefolket klaga på slikt rovfiske, og keisaren måtte betale erstatning.
Etter å ha øydelagt fisket i Esefjorden, flytta tyskarane seg til utløpet av Fjærlandsfjorden og for fram like eins der.

Keisaren som brannmeister

Det tok fyr i snikkarverkstaden i Holmen.
18. juli 1911 berga keisaren truleg mange bygningar frå flammane då det braut ut brann i snekkarverkstaden til Bjørn Sande og Hans Thue i Holmen. Keisarfylgjet var denne dagen i Vik, men oppdaga brannen og kom seg raskt nord om fjorden. Keisaren leia sjølv sine eigne matrosar i sløkkingsarbeidet. Også sjøfolk frå det britiske turistskipet "Mantua" hjelpte til. Innsatsen berga truleg Holmen frå ein storbrann, for det var svært tørt denne sommaren.
Dei to snikkarane bygde seinare ny verkstad på tomta.
Brannen i Holmen 1911. (Foto © Fylkesarkivet)

Keisar Wilhelm og vikinghelten Fridtjof

Fridtjof-statuen.
Den mest kjende beundraren av Tegnér sin vikinghelt, var Wilhelm II.

Den modige Fridtjof høvde godt inn i det kvasi-vitskapelege tankegodset som tidleg på 1800-talet vart skapt av tyske forskarar.

Keisar Wilhelm II og 1. verdskrig

Den 25. juli var keisaren gjest hos kunstprofessor Hans Dahl i Balestrand då han tok imot telegrammet om at krigen braut ut. Keisaren og det store fylgjet hans reiste i all hast tilbake til Tyskland.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no