SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vik:

Farsmordet i Fresvik

Ingeborg Olsdotter Grønlien som budde på garden Grønlid på Fresvikåsen tidleg på 1800-talet, var ei hard og brutal kvinne. I 1845 fekk ho hovudet skilt frå kroppen etter å ha drepe faren sin, og kroppen vart lagt på steile.

Publisert 30.05.2002 14:23. Oppdatert 11.06.2004 14:00.
FAKTA: leggje på steile
  • 'Å leggje på steile' var ei ekstra fornedring av ein avretta person: Då vart først kroppen til den avretta personen lemlesta og slått i stykker, før den vart spent ut på eit kjerrehjul og hengt "på steile" til spott og spe.
  • Skarprettaren (bøddelen) hadde i 1692 følgjande satsar:
  • 'For en å slå arme og ben istykker på og legge på steile': 14 riksdaler.
  • 'For en å partere og legge på steile': 12 riksdaler.
  • Foreldra kom frå Lindås i Hordaland og rudde seg gard på Fresvikåsen. Ingeborg vart verande heime på garden med foreldra. Ho fekk to barn, ein gut og ei jente, med ein rekarfant som tidlegare hadde vore på straff.
    Etter at mora hennar døydde, kravde Ingeborg å få ta over husmannsplassen, men faren nekta. Då bestemte Ingeborg seg for å ta den aldrande faren av dage.

    Ville la borna drepe bestefaren

    Først utstyrte ho småungane sine med ei øks og ei klubbe og bad dei gå inn i koven og slå bestefaren i hel medan han sov. Men motet svikta hos dei små, som trygla seg frå å sleppe.
    Då gjorde Ingeborg jobben sjølv. Ho slo faren i hel medan han sov. Deretter fekk ho dei to ungane sine til å hjelpe til med å bere liket ut i ein sval på huset. Der vart det liggjande ei vekes tid, før ho ei mørk natt parterte liket og brende bitane i røykomnen i stova.

    Elva var frosen

    Beinrestane freista ho å kaste i Fresvikelva. Men det var høgste vinter, og elva var frosen att. Ingeborg tok då likrestane med heim att til Grønlid og brende vidare til ho kunne knuse det som var att med ein hammar og spreidde på oska bøen.

    Dekkhistorie

    No var liket av faren borte. Men kva ville folk spørje om når dei sakna gamlingen?
    Ingeborg trengde ei dekkhistorie:
    Ho tok no vottane til faren, ein stav og eit sekk, Gjekk ned til Simlenes ved Aurlandsfjorden og la det ifrå seg i sjøkanten. Så sprang ho bort i tunet på Simlenes og fortalde at ho leitte etter faren, som truleg hadde drukna medan han leita etter skjel langs stranda.

    Vart ikkje trudd

    Folk visste at Ingeborg var ei fantekjerring, og leit ikkje på henne. Det vart forhøyr, men ho heldt fast på dekkhistoria og nekta alt anna.
    Men lensmannen ville også vite kva borna hadde å fortelje, og no kom sanninga fram. No måtte også Ingeborg tilstå, men ho hevda at ho hadde drepe faren i naudverje etter at han hadde gått på henne med kniv.

    Avretting som folkefest

    Ingeborg vart dømd til døden og avretta ved halshogging i Fresvik den 5. april 1845. Dette var den nest siste avrettinga i Sogn (sjå: Historia i Luster), og 2000 menneske var møtte fram for å sjå på. Det var reine folkefesten. Korkje før eller sidan har det vore så mykje folk samla i Fresvik. Skarprettaren var komen oppover frå Bergen for å gjere jobben, og etter avrettinga vart hovudet til Ingeborg sett på stake og liket lagt "på steile" (eit hjul) til spott og spe.

    MEIR OM VIK 
    Vik kommune

     
    Aviser og media i Vik
    Historia i Vik
    Hotell og gjestgjevarar i Vik
    Industri og næring i Vik
    Kjende personar i Vik
    Kommunehistoria i Vik
    Krigshistoria i Vik
    Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
    Kyrkjer i Vik
    Landhandlar i Vik
    Meierihistoria i Vik
    Samferdsle i Vik
    Skular i Vik
    Verd å sjå i Vik

     
    Lyd frå Vik
    Video frå Vik
    SE OGSÅ

    Finn fram i Fylkesleksikonet!
    Vel ein kommune:
    Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    SØK I LEKSIKONET
    Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
    ABCDEFGHIJKLMNO
    PQRSTUVWXYZÆØÅ
    Informasjon
     
    SØK I FYLKESLEKSIKONET
    Informasjon
    ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
    Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
    Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

    Harald Hårfagre var sogning

    Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

    Slaget i Sildagapet i 1810

    Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

    Då fiskedampskipa stakk til havs

    Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

    Nydyrkingskommunen Jølster

    Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

    Ei mellomalderkyrkje langt til havs

    I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

    Sjalu tenestejente drap gardkona

    Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

    Få nazistar i Sogn og Fjordane

    Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

    Den heimekjære amtmannen

    I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
    Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no