SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Ulukker og naturskader i Balestrand

I dette oversynet er det berre større og spesielle hendingar som er tekne med.

Publisert 29.05.2002 11:47. Oppdatert 12.01.2007 09:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Naturskader og ulukker i Vetlefjorden

Fleire gardar i Vetlefjorden har gjennom tidene vorte hardt råka av snøskred og flaum. M.a. vart det gjort stor skade på gardane i bygda i 1659 og 1670.

Skred i Lånefjorden og Nessane

M.a. på garden Lønne lever segna etter "Storeskaden" då eit uhorveleg stort steinskred dekte store delar av garden og demde elva i Lånefjorden slik at den tok nytt far. Også seinare har skreda gjort stor skade.

Andre ulukker:



Ca. 1690

vart ein mann frå Nessane drepen av ein bjørn då han var på sauesanking.

I 1780

drukna seks menneske frå Kvamsøy - to vaksne og fire ungdomar - då dei var på veg heim frå gudsteneste i Vik.

Ca. 1800

omkom brørne Nils og Hans Tjugum frå Tjugum i ei snøskrede. Omstenda omkring ulukka er ukjende.

I 1830

drukna eit ektepar frå Ytre Nesse utanfor Veganeset då dei var på veg til eit brudlaup i Vetlefjorden.

Kring 1830

miste ein gut frå Kvamsøy livet då lynet slo ned medan han gjette kyr ved stølen Supphella.

Kring 1830

losna på sommarstid ein snøskavl i Soleiebakkane i Esefjella. I gjelet under gjekk heile buskapen til Anders og Gjertrud Ese og beitte. Alle dyra strauk med. Sidan har gjelet vorte kalla Skafonngjelet.

I 1833

miste ein ung gut og ein mann frå Tennefoss i Nessedalen livet i eit snøskred i Nokken, og kring 1850 miste ein ung mann frå same grenda livet i snøskred i same
fjellområdet.

I 1843

var det så kaldt ein sommar at det snødde heilt til sjøs. Ei ung kvinne på Farnes arbeidde på stølen då dette hende. Ho gjekk utan sko, og måtte ta seg heim berrføtt gjennom djup snø. Av dette vart ho sjuk og døydde.

I 1885

drukna to menn frå Skåsheim då dei rodde tilbake frå eit ærend i Kvamsøy. Bror til den eine av karane var postroar, og drukna i 1828 ved Systrond.

Kring 1855

tok Holtaskreda alle husa på ein husmannsplass på Dale i Sværefjorden. Alle på garden berga seg.

I 1865

gjekk eit stort jord- og steinskred på Tue. Det gjorde stor skade på innmark og la etter seg store steinblokker. I 1928 vart mykje jord og skog øydelagt av eit isras i Tueelvi.

I 1871

miste to kvinner på garden Bruhjell livet då fjøset og løa på garden vert tekne av eit snøskred.
I 1928 gjekk det eit nytt ras på same garden. Det tok med seg ein gardfjøs og raserte ein eplehage.

I 1877

vart fleire gardshus på Indre Farnes rivne bort av snøskred frå Holtagjelet. Eit stort skred på same staden nokre år tidlegare gjorde også stor skade.

I 1881

vart ein mann frå Fjærestad drepen av bjørnen under jakt på slagbjørnen ved Bruhjell (sjå "Slagbjørnen drap folk").

I 1882

vart ei kvinne ført på fjorden av Kjenesskreda i Esebotn, men vart berga etter å ha drive rundt på vrakrestar ei stund. Ho sat og vov i stova då skreda kom.

I 1889

omkom ein mann på Menes då han vart teken av eit snøskred.

I 1913

miste ein 75 år gamal mann livet då eit stovehus på garden Meland i Vetlefjorden brann ned.

I 1921

vart ein mann på Fjærestad drepen då han vart sparka av ein hest.

I 1925

omkom ein 18 år gamal gut frå Sværefjorden då han gjekk i ei råk på fjordisen medan han skeisa på isen.

Ulukkesdagane 8. og 9. februar 1928

Den 8.og 9. februar 1928 kravde to skred på Bruhjell vest for Balestrand i alt 5 menneskeliv.

1954

2 menn frå Kvamsøy omkom i ei arbeidslulukke i 1954 då ein løypestreng som dei arbeidde med, kom i kontakt med ei høgspentleidning.

I april 1994

skapte Molskreda på austsida av Vetlefjorden ei stor flodbylje som gjorde skade på naust og båtar langs fjorden. Skredet var 300 meter breidt og øydela mykje skog. Vegen til Menes var sperra i mange dagar.

2004

I 2004 omkom ein mann frå Leikanger då bilen hans vart teken av eit steinskred ved Kongsnes i Lånefjorden.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no