·
Handel og gjestgjevarar på Kvamsøy
·
Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen
Mons Tjugum
fekk i 1862 løyve til å drive landhandel og gjestgiveri i Lundsviki.
|
Kvikne's hotell. |
grunnlagt 1877.
bygd 1892.
King Bailey's Cabin
|
King Baileys Cabin kring 1910. (Foto © BKF) |
var eit særmerkt lite hus som vart bygd ved gravhaugen Balahaugen ca. 1904 av Hermund Steffenson Thue, som etter nokre år i "Junaiten" kalla seg Herman Stevens. Huset vart nytta som souvenirbutikk til 1935, og flytta til Vellene som bustad.
- eit av dei mest originale påfunn i norsk reiseliv.
Tyskaren Frantz Reinboth kjøpte i 1909 den gamle futegarden Askelund og dreiv den som hotell fram til 1916. Han kjøpte også
Villa Norlandheim i 1920 og dreiv der "Kong Beles Kafe" (sjå denne lenger nede).
bygd 1912.
Café Jotunheimen
vart starta i
Villa Jotunheimen på Bruhjell i 1913 av Hans Johannessen. Kaféeen vart øydelagt av snøskred i 1928 (sjå "
Ulukker og naturskader i Balestrand").
Balestrand Pensjonat
vart opphaveleg bygd som eit anneks til
Hotell Balestrand i 1913, men vart seinare skilt ut og drive som pensjonat. Etter fleire eigarskifte er det ekteparet Unni Marie Kvikne og Eric Palmer som driv pensjonatet. Dei har utvida bygningen slik at pensjonatet i 2002 har 30 senger.
|
Balholm med turistskip på fjorden. Foto: K. Knudsen |
Kong Beles Kafé
vart starta i 1920 av tyskaren Frantz Reinboth, som dreiv kafeen i
Villa Norlandheim. Han dreiv også hotell i den gamle
Futegarden Askelund.
Kaffistova kafé
vart starta i 1920 i Balestrand av Anna og Johanna Gjerde. Dei dreiv i fire år i det gamle meieriet før dei flytta over i tidlegare
Hotell Balestrand, og dreiv der til 1942.
Ingebrigt og Anna Hjelseng
dreiv nokre år på 1920-talet kafé i Holmen. Ingebrigt var også skomakar.
|
Even Ulving: Esefjorden i Sogn. Blomquist Kunsthandel |
bygd i 1926 av Ingeborg Ese.
Midtnes Pensjonat
|
Midtnes pensjonat. (Foto: NRK) |
Midtnes Pensjonat vart starta av Ola Midtnes i 1936. Pensjonatet hadde 12 senger og vart drive berre i sommarhalvåret. Lars og Margit Gjeraker tok over i 1965, utvida med 9 senger og gjekk over til heilsårsdrift. Ei ny utviding i 1978 gav pensjonatet tilsaman 38 rom og 70 senger.
Kringsjå Hotell
i 1938 - sjå
Villa Kringsjå.
Strand Pensjonat
på Ulvestad i Vetlefjorden vart bygd i 1938 av Markus Torson Ulvestad i samband med opninga av
Gaularfjellsvegen. Ulvestad var fram til Dragsvik ferjekai opna i 1956, det vestlege endepunktet for bilferga som gjekk til Grinde i Leikanger. Pensjonatet hadde 10 rom, og var i drift til 1982. (Sjå også Vetlefjorden Gjestgiveri lenger nede).
Turistkaféen i Balestrand
vart starta av Berta og Synneva Hellen i 1938. Kafeen var i drift til midten av 1960-talet.
Anna og Ivar Bø
dreiv frå 1941 til 1958 pensjonat og kafe i ein del av det tidlegare
Hotell Balestrand. Pensjonatet hadde 11 senger.
Svingen Kafé
vart starta i 1946 av Magnus Sande - sjå elles
Villa Kringsjå.
Vetlefjorden Gjestgiveri
vart bygd av Olav og Gunnhild Ulvestad i 1938 i samband med at
Gaularfjellsvegen opna. Gjestgiveriet låg ved ferjekaia på Ulvestad og kunne ta 10 overnattingsgjestar. Gjestgiveriet vart lagt ned i 1963. (Sjå også Strand Pensjonat i Vetlefjorden lenger oppe).
|
Dragsvik Fjordhotell. (Foto: Arild Nybø) |
starta som pensjonat i 1953 av Gjertrud Farnes saman med dottera Gudrun og sonen Sigurd.
Fjellstova Nystølen
på Gaularfjellet vart bygd av Thora og Sigvald Gjerland i 1953. Thora dreiv fjellstova dei to første åra. Deretter dreiv Petra Linde i 12 år og Gjertrud Nyheim i eitt år før Thora Gjerland på nytt tok over frå 1969, men dreiv berre kort tid før stova vart lagt ned.
Bø Pensjonat og kafé
vart starta i 1954 i tidlegare
Hotell Balestrand av Anna og Ivar Bø. Dei dreiv til 1958.
Sentrum Kafé
vart starta i 1959 av Trygve og Anna Ulvestad.
Anders Tjugum
starta kafé ved ferjekaia i Dragsvik i 1960. Anders var ferjebillettør, og søstrene Sunneva og Turid stod for det meste av drifta om sommaren. Dei to systrene dreiv elles pensjonat i Oslo.
Veganeset Camping
vart starta i 1960 av Lars Tjugum, seinare teken over av Harald Tjugum. Campingplassen har utleigehytter med plass til 150 gjester.
Sjøtun Camping
i Balestrand vart starta i 1962 av Olav J. Sjøtun. Dottera Johanne og svigersonen Erland Fagermoen har drive campingplassen sidan 1977. Sjøtun Camping har 11 hytter og 40 oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner.
Ungdomsherberge
Reidar Handegaard og kona Liv Martens bygde i 1964 ungdomsherberge på Kreklingen i Balestrand. Dei dreiv herberget fram til 1974. Fram til 1980 dreiv Egil Lidal og Turid Vangsnes herberget, då Norsk Luthersk Misjonssamband kjøpte det i samband med starten av
Sygna vidaregåande skule.
Bøyum Pensjonat 1965
- sjå
Kvammens hotell (Bøyum pensjonat).
Sverre Eithungjerde
bygde i 1967 utleigehytter ved Skåsheimselvi.
Bjørn Geithus
starta bensinstasjon (Esso) i Holmen i 1965, og bygde vaskehall i 1968. I 1976 bygde han også utleigehytter i Habn.
Kringsjå Hotell og Leirskule
frå 1980 - sjå
Villa Kringsjå og "
Skular i Balestrand".
Sognefjord Akvarium
i Holmen vart bygd i 1994 - sjå
Villa Kringsjå og "
Skular i Balestrand".
- skipa 1988.