|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand: Villa Balderslund | (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Villaen "Balderslund", bygd i drakestil i 1907, ligg like ved den gamle futegarden Askelund, og er nabohus til Villa Normann. Huset vart bygd av den velståande Gertrude Abbott (1866-1951) frå Philadelphia i USA, som også ytte store pengesummar til bygging av "Engelsk-kyrkja" - St. Olafs kyrkje, og til sjukestove i bygda. Publisert 28.05.2002 10:35. Oppdatert 18.08.2002 22:38. | Getrude Abbott på altanen i villaen. (Foto © Fylkesarkivet) |
Gertrude Abbott ferierte kvar sommar frå 1894 og fram til 1939 i Balestrand - med unntak av krigsåra under 1. verdskrig. På Balderslund heldt ho fine selskap, og tok kvar dag ein køyretur gjennom bygda med hest og trille. I huset heldt ho tenarskap og gartnar.
Abbott testamenterte Balderslund som ferieheim til Bergen krins av Røde Kors. I 1953 kjøpte legeekteparet Odd Berle Martens (1899-1979) og Edel Mejlander Martens (1899-1979) Balderslund. Dei nytta ein del av bygningen til legekontor fram til 1975. Edel Martens la ned eit stort arbeid for å få bygd omsorgssenteret Granlia ( Granlia Heim og Skule). I 1980 kjøpte Åse og Sigurd Ese eigedomen på auksjon.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|