|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Balestrand: Gamle driftevegar i Balestrand | Årleg vart eit par tusen dyr drivne gjennom Sværeskaret.
(Foto: Arild Nybø, NRK) |
Frå gamalt av var vegen over Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret den viktigaste ruta for fedriftene frå Fjordane til Sogn. Også mellom Jølster og Haukedalen i Sunnfjord og til Vetlefjorden var det ferdsleveg over Vareggi, men det er uvisst om denne vart brukt til fedrifter. Publisert 23.05.2002 13:23. Oppdatert 02.01.2003 10:38.2000 dyr for åretFedriftene gjennom Sværeskaret hadde stort omfang. År om anna vart det sendt kring 2000 dyr over Sværen.
Driftekarane som gjekk Sværeskaret hadde beiterett både på Torsnesstøylen og nede i Sværen. På glatte fjellsva i skaret gjekk dyra ofte utfor, og difor vart det slege boltar i fjellet og lagt ut stokkar for å hindre ulukker.
Alt i 1847 gjorde ordførar i Sogndal framlegg om at det måtte byggjast veg over Gaularfjellet for å lette fedriftene frå Sunnfjord til Sogn (sjå Gaularfjellsvegen).
På Torsnesstøylen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Men diverre var Sværeskaret også ferdsleveg for uærlege folk.
I Sværefjorden vart feet lasta ombord i jekter eller robåtar og frakta over Sognefjorden - antan til Vik, Flåm, Aurland eller Lærdal.
- om Hugleik Tungøen frå Oldedalen som omkom i Sværeskaret i 1706.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|