Fram til midten av 1800-talet var mykje av jorda i Gaular eigd av velståande embetsmenn eller handelsborgarar i byane, og bøndene var leiglendingar.
Mykje av jorda i Gaular som elles i Sunnfjord høyrde under det store
Svanøy-godset. Då eigaren
Severin (Seehusen) de Svanenhielm i 1724 gjekk konkurs, syrgde kongen for at det meste av jorda vart seld på auksjon. Ein av dei som kjøpte mykje jord, var oberst
Gerhard C. Munthe, som hadde setet sitt i Hellevik i Fjaler. Han fekk hand om mange gardar i Bygstad og elles kring Dalsfjorden. Eigaren av
Osen gard, bergensborgaren Rasmus Rasmussen Boe, kjøpte 14 gardar i Gaular. Den tredje store kjøparen i Gaular var Peder Pedersen som budde i Sveen, som fekk hand om seks gardar i Bygstad og eit bruk i Sygna.
Ville løyse ut gardane
Samstundes var det mange av gardbrukarane - bøndene - som hadde spart litt kapital, og som no nytta høvet til å bli sjølveigarar. Men etter ei tid viste det seg likevel at fleire som hadde kjøpt garden, ikkje makta å løyse ut kjøpet. Ein av dei som sikra seg 11 nye gardar i den nye salsrunden, var Rasmus Pedersen Sveen.
Ein annan som fekk hand om store jordeigedomar kring Dalsfjorden og Gaular, var sorenskrivar
Hans Arentz.