SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gaular:

Gründeren O. A. Lunde

Lundes hotell i Eidevik i Bygstad før 1890. (Foto © Fylkesarkivet)
Lundes hotell i Eidevik i Bygstad før 1890. (Foto © Fylkesarkivet)
Ole A. Lunde er ein av dei fremste forretningsgründerane i Gaular. Han starta i 1872 landhandel heime på Lunde. I 1877 flytta han til Eidevik i Bygstad. I 1884 selde han garden på Lunde og kjøpte garden Eidevik, der han i 1885 bygde "Lundes Hotell". Dette vart utvida på 1920-talet.

Publisert 23.04.2002 15:02. Oppdatert 16.05.2002 08:47.

Handelsmann

Oddny Antonsen Espeset og Oddvar Lunde i O. A. Lunde landhandel. Bilete er teke ein gong mellom 1930 og 1950.(Foto © Fylkesarkivet)
Butikken i Bygstad er med i Spar-kjeden. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I landhandelen "Kvitebua" i Eidevik tok Lunde m.a. imot mykje skogsbær som vart eksportert til Danmark, Tyskland og Amerika. Han dreiv også bakeri, og hadde jekt for varetransport til Bergen. Jektemannskapet kom oftast frå Bjørvikstranda - både dei som arbeidde for Lunde og for handelsmenn som tidlegare heldt til i Osen.

I 1895 kjøpte Lunde eit sildesalteri i Rognaldsvågen ved Florø, men selde dette i 1905. I 1906 kjøpte han det gamle handelssetet på Sveen (sjå "Skysstasjonen og handelssetet Sveen") og vart dampskipsekspeditør og postopnar.

Stor tønnefabrikk

I 1903 bygde O.A. Lunde tønnefabrikk i Eidevik. Heilt fram til kraftlaget leverte straum tidleg på 1950-talet, vart maskinene i tønnefabrikken drivne av diesel-aggregat. I jobbetida under 1. verdskrig kunne tønnefabrikken til O.A. Lunde produsere 60.000 tønner i året og ha 50 personar i arbeid.

Nytt forretningsbygg og bakeri

I 1919 tok Sigurd Birkeland over forretninga i Bygstad, og i 1930 vart det bygd nytt forretningsbygg med bakeri. Butikken som også hadde bensin- og oljelager, sysselsette 5 personar. Tønnefabrikken flytta inn i nybygg i 1941 og sysselsette 20 personar. I gode år produserte fabrikken 75.000 tønner.
O. A. Lunde Daglegvarer - Sparbutikken og andre bygningar i Bygstad. (Foto: Arild Nybø, NRK)

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no