SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gaular:

Viksdalsmålinga som næringsveg

Tine laga av Einar Eldal og måla av kona Alvhild Eldal. (Alle foto: Asle Veien, NRK)
Tine laga av Einar Eldal og måla av kona Alvhild Eldal. (Alle foto: Asle Veien, NRK)
Sjølv om Viksdalsmålinga og den kunstferdige trehusfliden som fylgde med den er eit særdrag med kulturhistoria i Gaular, så høyrer dette kunsthandverket like mykje inn under bolken "Industri og næring", fordi det på 1800-talet vart ei av dei viktigaste inntektskjeldene for folk i Viksdalen.

Publisert 23.04.2002 14:42. Oppdatert 16.05.2002 10:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Det var Kristen Kjelstad (1766-1844) frå Øvre Kjelstad som var opphavsmannen til dette særmerkte handverket. Difor har også den karakteristiske rosemålinga på gjenstandane like ofte vorte kalla "Kjelstadmåling" som "Viksdalsmåling".

Vikdalsmålinga er prega av grasiøst måla S-ar eller fletta spiralar, gjerne på rustraud, svart eller koboltblå botnfarge.

"Kjelstad-hus"

Det var truleg broren Øystein Kjelstad som laga sjølve korgene og dreia bollar som Kristen dekorerte. Dei to konstruerte også dreia øskjer som kunne stablast oppå kvarandre slik at den eine øskja danna lok over den under. Desse vert kalla "Kjelstad-hus" og vart også dekorerte i den spesielle rosemålingsstilen. Øystein Kjelstad fekk i 1786 Det Nyttige selskaps medalje for arbeid med øskjer og korger.

Kjellarindustri

I tillegg til å måle sjølv, tok Kristen mange sambygdingar i lære, og det utvikla seg til ein stor "kjellarindustri" med rosemåling av sveipte korger og asker. Årleg vart det produsert over 20.000 gjenstandar av dette slaget i Viksdalen, og husfliden vart ei svært viktig attåtnæring.

Selde i Bergen

Handverkarane laga gjerne botnar og sveip til korgene som "halvfabrikat" heime, bunta dei saman slik at dei tok liten plass og førde dei med seg til Bergen. Der monterte dei korgene, rosamåla dei og selde husfliden antan på torget eller ved hussal. Ein annan vanleg transportmåte, var å laga tinene slik at den eine kunne setjast inn i den andre, slik at det til slutt vart ei heil "bør" som var hendig å ta med seg til byen. Denne husfliden hadde stort omfang i dalen heilt fram til 1920-talet.

Korgbinding

Også binding av korger og andre nytte- og prydgjenstandar av bjørketeger var ein utbreidd husflid i Viksdalen. Alvhild og Einar Eldal har teke vare på den gamle husflidstradisjonen med Viksdalsmåling, og driv m.a. eiga husflidsverksemd med utsal i Eldalen (sjå bileta).

MEIR OM GAULAR 
Gaular kommune

 
Historia i Gaular
Industri og næring i Gaular
Kjende personar i Gaular
Kommunehistoria i Gaular
Krigshistoria i Gaular
Kyrkjer i Gaular
Samferdsle i Gaular
Skular i Gaular
Verd å sjå i Gaular

 
Lyd frå Gaular
Video frå Gaular
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no