|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Gaular: Sande kyrkje | Noverande kyrkje på Sande vart bygt i 1864. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Sande kyrkje, bygd 1864. Arkitekt var J. Lindstrøm. Byggmeister John Saftland. Publisert 23.04.2002 13:03. Oppdatert 06.06.2007 14:00.Altartavla er opphaveleg laga i 1620, men har fleire gonger vorte omarbeidd. Altarlysestakane er frå 1686. Ein Christian II.s Bibel i kyrkje frå 1550. Ei av kyrkjeklokkene er truleg frå 1200-talet. Kalk og disk er datert 1820. Anna utstyr er frå tida etter at kyrkje vart bygd. På Sande har det truleg stått ei stavkyrkje frå 1100-1200- talet, og ei seinare kyrkje frå 1620 til noverande vart bygd i 1864.
Synsk prest?Sokneprest Micheal Schwartzkopf var prest i Gaular-kyrkje frå 1755 til han døydde og vart gravlagd ved Hestad kapell i 1762. Kyrkjelyden meinte det var rett å gravleggje presten der, for nokre år tidlegare hadde han i eit syne sett at eit ras skulle rive med seg Sande-kyrkja. Det gjekk 100 år før presten vart sannspådd: I 1861 rasa heile Sandabakke ut. Men kort tid i førevegen hadde bygdefolket bygd ein steinmur ovanfor kyrkja som skulle verne kyrkja i tilfelle ras. Tuna ovanfor kyrkja vart tekne av raset, men den nye kyrkjemuren kløyvde raset slik at kyrkja vart spart. Det vert fortalt at eit
lite spebarn som låg i ei vogge vart berga frå raset. Dei fann vogga med barnet flytande på Steivatnet nedanfor Sande.
| (Foto: Arild Nybø, NRK) |
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|