SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Stryn fødde år 1925-1950

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 11.04.2002 10:47. Oppdatert 08.11.2006 21:28.
Førre side:
·Kjende personar i Stryn fødde år 1900-1925

Martin Lilleheim

f. 1926 i Stryn. Redaktør og forfattar. Tilsett i avisa "Fjordingen" i 55 år, derav 35 år som redaktør. Har samla Nordfjord-anekdotar i bokform, og skrive krigshistoria for Stryn.

Ivar Johan Felde

(1927–1943) frå Innvik. Dekksgut og krigsseglar. Han var dekksgut på D/S ”William Blumer” då han vart skoten av ein tysk soldat medan han stod vakt medan skipet låg i Fredrikstad.

Egil Støle

f. 1927, frå Olden. Lærar og politikar.

Arnvid Ivar Kyrkjeeide

(1927–2006) frå Stryn, busett i Sogndal, Leikanger og Hamar. Lærarskulerektor.

Jon Hegdal

f. 1928 i Innvik. Fylkesagronom i Sogn og Fjordane frå 1963 til 1995.

Vidar Bergset

f. 1928, frå Bergset. Lærar og forfattar. Har gjeve ut fleire bøker med forteljingar og dikt på forlaga Norsk Barneblad og Fonna Forlag. Medforfattar av Norges Kristelege Folkehøgskolelags historie 1914-1984.

Leiv Blakset

(1928-2005) frå Blakset. Bonde, lærar og politikar.

Alv O. Bergset.

Alv O. Bergset

f.1931, frå Bergset. Bonde og politikar for Kristeleg Folkeparti. I ei årrekkje medlem av kommunestyre, medlem av fylkesting og fylkesutval i 12 år. Fylkesvaraordførar 1987-1991. Vararepresentant til Stortinget 1985–1993.

Solveig Sindre

f. 1934 i Lillehammer, busett i Markane. Lærar og forfattar.

Aslak Lefdal

f. 1934 på Nordfjordeid, busett i Stryn. Sjå Aslak Lefdal under Eid kommune. Sjå elles Forretningsfamilien Lefdal.

Rune Brynestad

f. 1935 i Olden, busett i Oslo. Biletkunstnar.

Eivind Grov

f. 1936 i Naustdal, busett i Loen. Hotelldirektør i Loen og politikar.

Jon Tvinnereim

f. 1936 i Randabygda, busett i Volda. Historikar, førsteamanuensis og forfattar.

Elling Vangberg

(1937-1993) frå Olden. Bonde og lyrikar.

Audun O. Reme

f. 1938 i Innvik. Forsikringsmann og adm. dir. i Gjensidige Sogn og Fjordane 1986-2000.

Inger Hoff

f. 1942, frå Innvik. Legesekretær og Høgre-politikar. Var frå 1988 til 1991 den første kvinnelege ordføraren i Stryn kommune. 1. vararepr. på Stortinget 1989-1993 for Dagfinn Hjertenes. Ho har også vore styremedlem i Firdakraft.

Magne Aarøen.

Magne Aarøen

(1944-2003), frå Innvik. Lærar, og politikar for Kristeleg Folkeparti.

Svein Lundevall

f. 1944 i Oslo, oppvaksen i Leikanger og Førde, busett m.a. i Leikanger og Olden. Statsvitar og fylkesrådmann. - Sjå Leikanger kommune-

Per Drageset

f. 1944 i Innvik, oppvaksen på Raudeberg. Fylkesrådmann. - Sjå Leikanger kommune.

Inge Fænn

f. 1945 i Markane. Redaktør og organisasjonsmann.

Ivar Andenæs

f. 1947 i Stryn. Direktør i Statens Medieforvaltning. Utdanna statsvitar.

Kjell Mork

f. 1948 i Oppstryn, busett i Longyearbyen, Svalbard. Lærar og Arbeidarparti-politikar.

Jarle I. Grønfur

f. 1949 i Stryn. Murar og forfattar av tre romanar, den første ei gutebok frå 1966.

Arne M. Sølvberg.

Arne Sølvberg

f. 1950, frå Sølvberg. Bonde og hardingfelespelar.


Neste side:
· Kjende personar i Stryn
Førre side:
· Kjende personar i Stryn fødde år 1900-1925
MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no