SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Storgarden Vik

Storgarden Vik like vest for Stryn sentrum var tidleg på 1800-talet ein av dei største i Nordfjord, for eigarane åtte også gjennom arv store eigedomar på Visnes og i Markane, på Davik, og 18 gardar på Sunnmøre. Garden har ei spanande og dramatisk soge:

Publisert 09.04.2002 09:16. Oppdatert 06.01.2006 14:01.

Vann storgarden Vik etter tjuverisak

Heleri kunne dømast hardt i gamle dagar. Til og med dødsstraff vart brukt. I 1582 måtte Jartrud Engelbregtsdotter, som var eigar av storgarden Vik i Stryn, gje frå seg gard og grunn til borgaren Jens Pederson. Grunnen var at ein av tenarane på garden hennar, Henrik Povelson, hadde stole litt smør og eit tøystykke frå borgaren Jens Pederson. Retten fann at Jartrud hadde hjelpt til med å gøyme tjuvgodset på heimegarden sin. Sjølv hevda ho å ha gjort dette utan å vite at det var stole frå Jens Pederson. For å sleppe endå hardare straff, gjorde Jartrud og borgar Jens Pederson forlik om at han skulle overta storgarden hennar. Tre menn vitna denne avtalen.

Tjuven sjølv vart avretta. Men før øksa fall, hadde Henrik Povelson forklart for tre prestevitne at Jartrud ikkje var medskuldig, og at det var urettvist at ho vart dømd frå gard og grunn for noko som ho ikkje hadde gjort.
Etter dette tok Jartrud og sønene oppatt saka og kravde storgarden Vik tilbake. Ho fekk støtte frå slottsherren på Bergenhus, Nils Bildt, på at avtalen om gardsoverdraginga var ulovleg. Men sidan Jartrud berre hadde den dødsdømde tjuven som vitne på at ho var skuldlaus, heldt ikkje dette for lagretten, og Jartrud måtte tole å sjå seg dømd frå gard og grunn for alltid.

Vik vert futesete

Borgar Jens Pederson vart ein aktiv eigar av Vik. Garden eigde mykje skog og gode fiskerettar, og Jens bygde sag og dreiv handelsbu. I tillegg kjøpte Jens opp mykje jord i tillegg til å slå under seg gardar frå folk som ikkje kunne gjere opp for seg for varer som dei hadde kjøpt.

Jens Pederson vart etter ei tid utnemnd til fut i Sunnfjord. Han døydde i 1598, og sonen Jens Jensson tok over futeembetet etter faren eit par års tid. Enkja etter Jens Jensson vart oppattgift med borgaren Nils Nilsson som tidleg på 1600-talet er registrert som den største jordeigaren i Nordfjord. (Også på Arne-bruket i Loen-tunet budde Nordfjord-futane Peder Jørgenson og Jørgen Post på 1620–1630-talet. Ein kjellar på Arne-bruket vart kalla Futekjellaren).
Frå siste halvdel av 1700-talet til midt på 1800-talet var det ætta til Ola Arneson Vik som eigde storgarden. Sonen Peder Olson Vik (1782–1875) auka jordegodset mykje då han i 1814 gifta seg med ei dotter til borgar Ola P. Tonning som eigde den andre storgarden i Stryn.

Claus Frimann-huset frå Davik til Vik

På garden står i dag eit vakkert hus i to etasjar med halvvalma pannetak. Dette vart i si tid reist av diktarpresten Claus Frimann på Davik. Då sonen hans, Peter Harboe Frimann, døydde i 1845, kom det til auksjon. Det var den rike jordeigaren Ole Vik i Stryn som fekk tilslaget både på hus og gard på Davik.

Ole Vik reiv det staselege herskapshuset på Frimannslund og flytta det til Vik i Stryn, der det framleis vert halde godt ved like av eigarane. I tillegg åtte Ole Vik Olden-kyrkja.

Eigarane på Vik låg støtt i strid med folket på storgarden Tonning om eigedomar, handel og mangt anna.

Første sportsfiskaren i Stryn, Mr. James Cowan budde fast på storgarden i Vik. Då eigaren Ole Vik gjekk fallitt etter å ha garantert for ein slektning i Ålesund, vart det meste av det kostesame innbuet selt på auksjon. Ei stor sølvkanne drog til England med Mr. Cowan!

Den store sandøyra utanfor Vik gard er no fylt opp og brukt m.a. som næringspark.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no