Jon Mogenson Schanke (ca. 1570-1617) – best kjend som Meister-Jo – var sokneprest i Innvik frå 1597 til 1617, då han vart avretta ved halshogging.
Mest truleg ætta han frå Jemtland i Sverige sidan han hadde tilnamnet "Jemptus". Han hadde studert i København og i Helmstadt , Rostock og Wittenberg i Tyskland, og segna seier at han fekk Svarteboka i studietida i Wittenberg - dvs. at han sto i ledtog med djevelen, og kunne trolle.
Mishandla kona
Han gifta seg med bispedottera Magdalena Foss frå Bergen. Dei rauk tidleg uklar om eit arveoppgjer. Etter mishandling av kona sat Schanke i fengsel i København, men lova bot og betring; slapp ut, og fekk prestekall i Innvik.
Heldt fram
Men mishandlinga av kona heldt fram, og han vart skulda for hor og hard framferd mot kyrkjetenarar og andre i kyrkjelyden. Han hamna til slutt for retten, og vart dømd til halshogging.
Fekk nåde for seint
Han meinte seg urettvist dømd, søkte Kongen om nåde, noko som han fekk. Men meldinga nådde ikkje fram til Innvik i tide, slik at øksa fall over nakken til Meister-Jo i 1617. Staden der han vart avretta, vert framleis kalla Mor(d)skogen.
Kona skulle krympe
Segna vil ha det til at Meister-Jo skulda kona for å stå bak ein konspirasjon mot seg. Før han vart avretta, skal han ha sagt at dersom han var uskuldig, ville det bli prova ved at enkja skulle minke inn til ein dverg. Og segna seier at Magdalena etter kvart krympa slik i hop at ho til slutt fekk plass i ei sko-øskje.
Historiespel
Segna om Innvik-presten Meister-Jo er utgangspunktet for eit lokalt historiespel, forfatta av Johannes Heggland. Også Henrik Ibsen skreiv ned segna om Meister-Jo då han samla inn folkeminne på 1860-talet.
Dramatisk etterspel
Saka kring Meister-Jo fekk eit dramatisk etterspel i Innvik – særleg for Nordfjord-futen Jakob Andersson: I 1623 vart det halde ”Herredag” på garden Skåden. Kongen hadde oppnemnt lensherrane Jørgen Brochenhuus og Henrik Bille som domsmenn. Futen hadde mange skuldingar mot seg for svik og lureri, m.a. i saka om Meister-Jo.
Futen vart dømd for svik mot kyrkjene i Nordfjord og mot buet etter den halshogne presten. Han vart send til Blåtårnet i København, og seinare avretta.
Far til
Mogens Jonson Skancke.