SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Mindresunde – allsidig storgard

Garden Mindresunde ved Oppstrynsvatnet er ein av dei største i Stryn. Gjennom tida har den vore offisersgard, hatt hotelldrift og vore jordbruksskule for Nordfjord.


Publisert 08.04.2002 13:42. Oppdatert 06.01.2006 14:15.

Offisersgard

Frå 1791 var den sjefsgard for Stryne-kompaniet (sjå Krigshistoria i Stryn). Men garden var lite populær blant offiserane fordi den låg langt unna eksersisplassen på Tonning og postopneriet på Faleide. Mange offiserar valde difor i staden å bu på garden Årheim.

Hotelldrift

I 1884 vart garden seld til Rasmus Kolbeinsson Bødal, som hadde tent seg rik på gullgraving på Bømlo. Han dyrka oppatt garden, og bygde på det gamle herskapshuset, slik at det kunne opnast som Hotell Mindresunde i 1890. Frå Mindresunde vart turistane skyssa med båt opp Strynevatnet til Hjelle, og derfrå kunne dei reise over Strynefjellsvegen anten til jarnban på Otta, eller til turistbygda Geiranger på Sunnmøre. Men då vegsambandet langs Strynevatnet vart bygd like etter 1. verdskrig (opna i 1923), såg ein i augene at det ville vere lite lønsamt å drive hotell på Mindresunde.

Utleigd til jordbruksskule

I 1916 skøytte Bødal garden over til dottera Astrid og svigersonen Lars Larsson Skår. Han pakta i 1920 garden bort til Sogn og Fjordane fylke, som starta jordbruksskulen for Nordfjord, Mindresunde Jordbruksskule, i 1920. Hotellbygningen kom no til nytte som internat og skulerom. Dermed vart det ein fylkeskommunal skule som for andre gong berga eit turisthotell som hadde kome i bakleksa i Stryn: Forrige gong var då fylket kjøpte Hotell Central (sjå Tendens Hotell og Central Hotell) på Visnes for å bruke det som husmorskule. Slik vart garden på Mindresunde driven til jordbruksskulen flytta til Langvin i Innvik 1951, og gjekk deretter tilbake til vanleg gardsdrift. Hotellbygget/internatet er no rive.

Strid om beiterettar

Fjella kring Strynedalen er stupbratte, og for mange gardar var det uråd å finne brukande fjellbeite og byggje sætrehus i eiga utmark. Dette var m.a. tilfellet for storgarden Mindresunde. Frå eldgamal tid brukte difor storbonden på Mindresunde og andre Stryne-bønder å drive buféet nord om fjella til Sunnylven på Sunnmøre for å finne sommarbeite. I 1644 finst det dokument som viser at i alt 24 bønder frå Stryn let dyra sine beite på Røyrhus i Sunnylven. Dette vart det tallause stridar av, og futen måtte støtt inn for å ordne opp. I 1787 tok Røyrhus-bøndene saka i eigne hender og dreiv buféet til stryningane ”over alle blåner”. Slik framferd hamnar for retten, og bøndene frå Stryn fekk medhald i påstanden om at dei hadde ein århundrad gamal beiterett på Sunnmørs-sida. Dei fekk også dom på rett til å hogge brenneved og tømmer til sætrehus i Langedalen på Sunnmørs-sida.

Sjå også:
Mindresunde og Langvin jordbruksskular


MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no