Den første organiserte idrettstevlinga i Nordfjord utanom, militæridretten på Nordfjordeid (sjå:
Idrettslag og -anlegg i Eid) var truleg eit stemne i kappgang (!) i Innvik i 1872. Løypa var 4 km lang, og kontrollørar var postert ut for å sjå til at ingen sprang!
Skifabrikkar
Både i Utvik (sjå "
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik") og i Markane vart det starta skifabrikasjon i mellomkrigstida. Birger Fænn og Lars Hatledal i Markane dreiv skifabrikasjon, den siste heilt til 1970-talet.
Frå 1937 har det årlege Strynefjellsrennet i alpint vorte arrangert på Tystigen, der Stryn Sommarskisenter no ligg.
Holmøyskarrennet
er eit årleg turrenn på 26 kimolmeter i klassisk stil frå Kroken i Markane og over Holmøyskaret til skisenteret på Vangen i Fjelli. Holmøyskarrennet vart skipa til første gong i 1967, og det er Markane Idrettslag, Veten Idrettslag og Hardbagg Idrettslag som står føre arrangementet.
Enkeltprestasjonar
Olav B. Valaker frå Utvik tok bronse i Noregsmeisterskapen i høgdehopp i mellomkrigstida.
Læraren Gudmund Skrivervik frå Stryn har gjennom 1990-talet sanka 7 gull i friidrett og meistertitlar i veteran-VM, og 9 gull i veteran-EM.
Frå 1990-talet er det særleg fotballmiljøet kring Flo-gutane i Stryn som har vorte internasjonalt kjent.
Stryn kommune har satsa meir enn mange kommunar på idrettsanlegg - Utvikfjellet, Stryn Skisenter og Strynefjellet.
Langrennssenteret Ullsheim i Markane opna 1982, og skisenteret Vangen med Bjørkelibakken på Nordsida opna 1992. Også omtale av Fjelli, symjehall, Strynehallen og Styrkhallen.
IDRETTSLAG - ordna etter startår:
Første skyttarlaget
Det første skyttarlaget i Indre Nordfjord vart skipa i Markane i 1880.
Innvik Skyttarlag
vart skipa kring 1880. I 2007 slo laget seg saman med Utvik Skyttarlag til Innvik og Utvik Skyttarlag.
Utvik Skyttarlag
vart skipa i 1884 av Ole Larsen Myklebust. I 2007 slo laget seg saman med Innvik Skyttarlag til Innvik og Utvik skyttarlag. Den mest framståande prestasjonen til lagsmedlemmer var då Leif Myklebust vann Aftenpostens sølvfat på eit landsskyttartemne på slutten av 1950-talet.
Markenes Travclub
Seint på 1800-talet dreiv eit selskap som kalla seg Markenes Travclub veddeløpskøyring med hest på det islagde Langesetvatnet.
Stryn Turn & Idretsforening
vart skipa i 1898. Laget fekk den første storhallen i fylket, Strynehallen, i 1987.
Oldedalen Skyttarlag
vart skipa ca. 1900.
Styrk Idrettslag
i Innvik vart skipa i 1902 Laget bygde på 1980-talet Styrkhallen.
- stort lag i lita bygd. Hardbagg idrettslag, skipa i Randabygda i 1902, står i ei særklasse i fylket si skihistorie.
Utvik Idrettslag
vart skipa i 1902 og stod i mange år som medskipar av Brekkestemna på Utvikfjellet saman med Breim Idrettslag (sjå
Idretten i Gloppen). I 1963 bygde laget etter opptak av
Ola A. Valaker saman med idrettslag frå Breim alpinanlegg på Utvikfjellet (sjå
Idretten i Gloppen).
Markane Idrettslag
vart skipa 1905.
Fjell Idrettslag
på Nordsida i Stryn vart skipa i 1909. Dette gjekk i 1968 inn i Veten Idrettslag.
Oppstryn idrettslag
vart skipa i 1911. Fekk den første ”friidrettsprisen” for godt lagsarbeidet i fylket i 1988.
Olden idrettslag
vart skipa i 1920.
Blakset Skilag/idrettslag
vart skipa i 1920, og gjekk frå 1968 inn i Veten Idrettslag saman med Fjell idrettslag.
Loen idrettslag
vart skipa i 1944.
Tistam idrettslag
vart skipa i 1955.
Veten idrettslag
vart skipa i 1968 ved samanslåing av Idrettslaget Fjell og Blakset Idrettslag. Dette siste heitte i starten Blakset Skilag.
Innvik og Utvik Skyttarlag
vart skipa i 2007 ved at Innvik Skyttarlag frå 1880 og Utvik Skyttarlag frå 1884 slo seg saman.